Tid og stad
Når
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Ålesund sjukehusKvifor delta på kurs
Vi ønsker å:
- Gi den enkelte auka kunnskap og forståing av sjukdommen/symptoma.
- Gi omfattande og rett informasjon til fleire
- Kunnskap skal bidra til auka tryggleik og meistring i kvardagen
- Ha dialog med ei tverrfagleg faggruppe
- Møte andre i same situasjon, lære av erfaringane til andre
Innhald
- Sjukdomslære
- Behandling
- Kosthold, låg FODMAP
- Fysisk aktivitet
- Meistring og forsking
Føredrag av spesialist i fordøyelsessjukdomar, sjukepleiar, fysioterapeut, ernæringsfysiolog, spesialist i psykiatri og brukarrepresentant frå Landsforeningen mot fordøyelsesjukdommar.
Praktiske opplysningar
Deltaking i to dagar
Vi reknar med at du som får invitasjon kan møte begge dagane. Viss det ikkje passer må du umiddelbart gi beskjed, ikkje seinare enn ei veke etter du mottek invitasjonen. Vi kan ha venteliste.
SMS-varsel
Du får også sms varsling frå poliklinikk for mage-tarmsjukdommar 3 dagar før oppmøte tidspunktet.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. Faktura sendast etter kurset.
Informasjon om eigenandel og andre rettar kan du finne på Helsenorge.no sine sider
Les meir om betaling/gebyr og sjå oppdaterte satsar for helsetenester på Helsenorge.no
Nyttige lenker
- Nasjonal kompetanseteneste for funksjonelle mage-/tarmsjukdommar (NKFM) (helse-bergen)
- Mage-tarmforbundet
- Film frå Monash University på Youtube: The FODMAP Grand Tour Down Under: IBS relief (youtube)
- Blogg av forfattar Cecilie Hauge Ågotnes (lavfodmap.no)
- Blogg av ernæringsfysiolog og forfattar Julianne Lyngstad (lyngstadernaering.no)
- Facebook-grupper der ein kan stille spørsmål og dele oppskrifter:
- LavFODMAPere i Ålesund og omegn
- Low FODMAP - Norsk gruppe
Kontakt
Dag Arne Hoff
Silje Rebbestad Myklebust
70 10 58 40May-Liss Olsen
70 10 58 40