Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Journalguide – slik får du innsyn i journal

Denne sida skal hjelpe deg å finne ut korleis du kan få innsyn i pasientjournal. Du kan bruke guiden om du skal sjå eigne journalopplysningar, på vegner av barnet ditt eller be om innsyn i journalen til ein annan person.

Pasientjournalen din er ei samling av opplysingar om helsehjelp du har fått. Som pasient har du rett til innsyn i alle dokument i din eigen pasientjournal. 

Før du søkjer om journalinnsyn, bør du først sjekke om informasjonen allereie er tilgjengeleg i HelsaMi. Dersom du ikkje finn det du leitar etter, kan du bestille journalinnsyn via skjema i Altinn. Journalopplysningane blir som hovudregel gjorde tilgjengelege digitalt på Helsenorge. 

I HelsaMi finn du epikriser, polikliniske notat og blodprøvesvar som er automatisk delte med deg. Notat ligg under «Timeavtaler og besøk». Sjå meir på nettsida HelsaMi - Helseplattformen AS 

Dersom du ikkje finn det du treng i HelsaMi, kan du bestille innsyn i journalen din.  

Bestilling av journalinnsyn er ikkje ein automatisk prosess. Opplysningane må hentast fram og vurderast manuelt før dei blir delte med deg. Vi ber derfor om at du berre bestiller journalinnsyn når du har behov for konkrete opplysningar, og at du er så presis som mogleg i bestillinga. 

Du må rekne med ei saksbehandlingstid på 3–4 veker. 

 

Skjema for bestilling: Bestillingsskjema journalinnsyn (Altinn) 

Er du mellom 16 og 18 år? 

Du har i utgangspunktet rett til å bestemme sjølv kven som skal få innsyn i journalen din. Foreldre og pårørande har ikkje automatisk innsyn.  

Dersom du ønskjer at foreldre eller andre pårørande skal få tilgang, kan du dele Helsenorge med dei. 

 

Er du under 16 år? 

Viktig å vite: Brev frå spesialisthelsetenesta blir ikkje delt med ungdom under 16 år på Helsenorge. 

Dersom du treng kopi av journalen din, kan foreldre med foreldreansvar søkje om innsyn på vegner av deg. Foreldra dine får då innsyn i journalen din på sin Helsenorge. 

Dersom du  ikkje ønskjer at journalen skal delast med foreldra dine, kan du sjølv be om kopi av journalen. Då må du fylle ut bestillingsskjema for journalopplysningar og skrive at du ønskjer kopi på papir i posten.  

Pårørande kan ha rett til innsyn i journal på vegner av ein annan person dersom ein har eit grunnlag for det. Kva du skal gjere, kjem an på kven du ber om innsyn for.  

Fullmakt eller delt Helsenorge 

Dersom du skal be om innsyn i journalen til ein annan vaksen person, må personen som hovudregel sjølv gi deg tilgang. Dette kan gjerast ved at personen deler Helsenorge med deg. Gi andre fullmakt til å bruke Helsenorge - Helsenorge 

I søknadsskjemaet kan du definere at du søkjer journalinnsyn på vegner av andre. Journalen blir som hovudregel send til personen journalen gjeld. Dersom personen har delt Helsenorge med deg, vil du kunne få tilgang der. 

Dersom personen ikkje er digital brukar, kan personens Helsenorge likevel delast med deg. Følg lenkje for meir informasjon og skjema: Skjema for fullmakt til Helsenorge 

 

Foreldreansvar for barn 

Du kan ha rett til innsyn i journalen til barnet ditt.  

Føresetnader for å få tilgang på Helsenorge for barnet ditt: 

  • Du må vere registrert med foreldreansvar i Folkeregisteret 
  • Du må ha ein brukar på Helsenorge 
  • Ein av foreldra må ha same bustadadresse som barnet 

 

Barn under 12 år 

Foreldre eller andre med foreldreansvar har som hovudregel rett til innsyn i journalen til barn under 12 år. 

Barn og ungdom 12–15 år 

Foreldre eller andre med foreldreansvar har vanlegvis rett til innsyn, men barnet si meining skal vektleggast etter alder og modenheit.  

Ungdomstilgang med foreldresamtykke - Norsk helsenett   

Ungdom 16–18 år 

For ungdom mellom 16 og 18 år gjeld eigne reglar. Sjå punktet «Tilgang for ungdom» over. 

 

Tilgang for verje 

Dersom du er oppnemnd verje, har du ikkje automatisk tilgang til personen sin Helsenorge. Du kan likevel ha rett til innsyn innanfor ramma av verjemålet. Det må gå fram at verjemålet omfattar personlege forhold, som helse og omsorg. Vergemål | Statsforvalteren.no  

 

Ved manglande samtykkekompetanse 

Du kan søkje om tilgang på vegner av ein person som ikkje har medisinsk samtykkekompetanse. Dette gjeld når personen ikkje sjølv kan samtykke til at du får tilgang. 

På Helsenorge finn du meir informasjon om kva dokumentasjon som trengst: Fullmakt ved manglende samtykkekompetanse - Helsenorge 

 

Innsyn i journal etter dødsfall 

Pårørande kan få innsyn i journal etter dødsfall dersom: 

  • det ikkje er grunn til å tru at pasienten ville ha motsett seg det 
  • innsynet ikkje strir mot andre omsyn, for eksempel omsynet til tredjeperson 

Journalinnsyn etter dødsfall vil inntil vidare bli formidla på papir. 

Dersom du skal be om innsyn i journalen til ein person som er død, må du inntil vidare bruke skjema for innsyn i eigen journal. Skriv i merknadsfeltet: 

  • at det gjeld innsyn etter dødsfall 
  • namnet til den avdøde 
  • fødselsnummeret til den avdøde 
  • kva opplysningar du ønskjer innsyn i 

Dersom du ber om innsyn i journal før 2009, kan journalen vere lagra som papirjournal. Slike journalar blir sende per post.  

Ved behov for sporing og skjerming av særskilt sensitive opplysningar brukar vi rekommandert sending. Du må då hente sendinga hos Posten. 

 

Om du ber om journal før 2009 på vegne av andre, må du fylle ut samtykkeskjema:  

Samtykkke til pasientopplysningar.pdf (Lagre skjemaet før du fyller det ut, og legg det ved i søknadsskjemaet). 

Nokre instansar kan be om å få utlevert delar av journalen din på vegner av deg. Dette kan for eksempel vere advokat, forsikringsselskap, NAV, politi eller andre som har fullmakt eller rettsleg grunnlag for å be om opplysningane. 

Utlevering av journalopplysningar skal alltid vere i samsvar med gjeldande lovverk. I fleire tilfelle må du gi skriftleg samtykke før opplysningane kan delast.

Du kan be om å få innsyn i logg som viser kven som har hatt tilgang til den elektroniske pasientjournalen din. Spesifiser kva periode du ønsker logg ifrå med frå-og-til-dato.

Bestillingsskjema journallogg HMR (Word)

Du har i stor grad rett til å bestemme over dine eigne journalopplysningar. Helsepersonell har teieplikt og vil berre dele journalinformasjon med kvarandre når det er nødvendig for å gi deg helsehjelp og behandling. Men du har rett til å blokkere personar frå å få tilgang til journalen din – eller delar av den. Ver merksam på at slik sperring kan føre til at helsepersonell ikkje har god nok informasjon om situasjonen din når du treng behandling, så du bør vere forsiktig med å be om omfattande sperring. Be om sperring ved å fylle ut skjema til Helseplattformen:

Skjema for innbyggar - ønske om sperring av journal i Helseplattformen (pdf)

Du kan sende inn skjemaet per post eller via Sikker e-dialog til Helseplattformen.

Les meir om rett til innsyn (Helsedirektoratet) 

Meir informasjon  

Avklar kven som er næraste pårørande (Helsedirektoratet) 

 

Sist oppdatert 24.07.2026