Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Årsmelding forsking og utdanning 2025

Forord

Forskings- og utdanningssjef Endre Grøvik ser tilbake på 2025.

Norsk spesialisthelseteneste står overfor ei samansett og langsiktig utfordring med aukande behov for helsetenester, ein aldrande befolkning og ein arbeidsmarknad der det allereie i dag er krevjande å rekruttere og behalde nok kvalifisert helsepersonell. Svaret på denne utfordringa ligg ikkje berre i fleire hender, men også i meir kunnskap, betre metodar og eit helsevesen som kontinuerleg lærer av seg sjølv. Forsking og utdanning er difor en nøkkelfaktor for å imøtekome disse utfordringane og å skape ei berekraftig helseteneste. 

Mykje av arbeidet i 2025 har handla om å bu seg på framtida. Gjennom året blei det lagt ned eit omfattande arbeid med å etablere Seksjon for forsking og utdanning (SFU), ein ny seksjon som samlar det som tidlegare var tre separate seksjonar; forsking og innovasjon, utdanning og kompetanse, og kliniske studiar. Med etableringa frå 1. januar 2026 samlar HMR for første gong desse kjerneoppgåvene under ei felles leiing. Denne årsmeldinga er difor historisk, som ei felles skildring om verksemd som er tett knytt saman. Samanslåinga speglar ei djupare erkjenning av at forsking og utdanning ikkje er fråskilde løp. Den som forskar, underviser, og den som underviser, må halde seg fagleg oppdatert. Pasientane er best tent når klinikaren som behandlar dei, er forankra i eit miljø der ny kunnskap aktivt blir søkt, delt og omsett til praksis. Det er det SFU er til for, og det er dette vi arbeider for kvar einaste dag i eit helseføretak med sjukehus og einingar spreidd over eit langt og variert fylke. 

2025 var eit år der mykje gjekk rett veg. Det blei publisert 123 poenggivande vitskaplege artiklar med forfattarar frå HMR. Fire tilsette fullførte doktorgraden sin, og om lag 45 personar er til ei kvar tid i eit doktorgradsløp. Eit særleg gledeleg resultat var ei 200% auke av søknadar til Samarbeidsorganet, der heile 17 av 24 søknadar blei vurderte som støtteverdige, eit vitnesbyrd om høg kvalitet og sterk ekstern konkurranseevne. Ph.d.- og forskarstipend tildelt frå Samarbeidsorganet bidreg i tillegg med over 7 millionar kroner i lønsmidlar til tilsette ved HMR. Dette er resultatet av målretta arbeid over tid. 

Samstundes veit vi at desse tala kviler på enkeltpersonar som har funne rom til forsking i ein klinisk kvardag som sjeldan gir romslegheit av seg sjølv. Nasjonalt ser vi at det er krevjande å rekruttere yngre klinikarar til ph.d.- og forskarstillingar. Dette er ei utvikling vi ikkje kan akseptere utan å ta grep. Klinisk-akademiske karriereløp må vere reelle og attraktive, ikkje eit personleg prosjekt ein gjennomfører på overtid, men ein anerkjend og støtta del av det å vere fagperson i spesialisthelsetenesta. Det krev at vi på alle nivå i HMR arbeider aktivt for å frigjere tid og byggje strukturar som gjer det mogleg å kombinere klinikk og forsking over tid. Regionalt er dette eit prioritert satsingsområde, og vi er fast bestemte på å halde trykket oppe. 

I tråd med Nasjonal handlingsplan for kliniske studiar har HMR i 2025 teke viktige steg for å styrke den pasientnære forskinga. Den nye kliniske forskingsposten som opna ved SNR Hjelset 13. mai er eit konkret prov på dette. Saman med det etablerte miljøet i Ålesund gir dette eit meir desentralisert og likeverdig tilbod om deltaking i kliniske behandlingsstudiar for pasientar i heile fylket. 346 pasientar nytta tilbodet om utprøvande behandling i 2025 gjennom til saman 55 aktive kliniske studiar innan fagområda pediatri, medisin, onkologi, kirurgi, ortopedi, dermatologi, nevrologi, audiologi, obstetrikk m.m. Gjennom avtalen med Inven2, som frå 2025 tek hand om kontraktshandtering og økonomioppfølging for oppdragsstudiar, er HMR betre rusta og meir attraktiv som samarbeidspartnar for industri og nasjonale forskingsmiljø. 

På utdanningssida har 2025 vore eit år med framgang og krevjande prioriteringar. Utdanningsstillingane er den viktigaste og mest sikre rekrutteringsvegen for nye spesialsjukepleiarar i HMR. Det er difor urovekkjande at berre 15 nye stillingar blei tildelte, mot eit historisk gjennomsnitt på rundt 30 og eit framtidig berekna behov på om lag 26 nye stillingar per år fram mot 2040. Samstundes brukte HMR over 28 millionar kroner på utdanningstiltak i 2025, og vi heldt oppe eit breitt tilbod innan lærlingordningar, simuleringsbasert læring og praksisrettleiing. 

Denne meldinga er eit bilde av eit føretak i utvikling, med medarbeidarar som dagleg bidreg til å byggje kunnskap og fagleg styrke i helsetenesta. Vi vil rette ei varm takk til alle tilsette, samarbeidspartnarar og utdanningsinstitusjonar som har løfta forsking og utdanning i HMR dette året. Det er dykkar innsats som gjer at pasientane i Møre og Romsdal kan stole på at behandlinga dei får, kviler på oppdatert kunnskap og høg fagleg kvalitet. Saman legg vi grunnlaget for framtidas helseteneste. 

Tilbake til Årsmelding for forsking og utdanning 2025

Sist oppdatert 12.05.2026