Ny infrastruktur for forsking og utdanning
På SNR Hjelset er det no kome ein simuleringslab, ny forskingspost og eit auditorium som er svært godt eigna for disputasar.

Styrkar forskingsmiljøet og kompetansen i regionen
Forskingsposten opna 13. mai, har eit godt rusta laboratorium, og eit nært samarbeid med avdeling for biokjemi, mikrobiologi og patologi i heile fylket. Her blir pasientane møtt av sjukepleiarar, bioingeniørar og legar.
Forsking er ein viktig del av spesialisthelsetenesta. Den nye forskingsposten vil gi legar som også er forskarar høve til å gjennomføre forsking med eigna ressursar. Dette vil generere aktivitet som styrkar forskingsmiljøet og kompetansen i regionen.
Klinisk pasientnær forsking
Forskingsposten vil prioritere klinisk pasientnær forsking, i form av oppdrags- og bidragsstudiar. Aktiviteten vil bli bygd opp etter modellen i Ålesund, som har vist seg å gi gode resultat for både legar og pasientar. Personalet har allereie studiar dei skal starte med, og kompetanseutviklinga vil skje gradvis.
Areal til simulering og ferdighetstrening
I 2025 fekk Helse Møre og Romsdal på plass fysiske simuleringsareal ved alle sjukehus i føretaket. Med etablering av simuleringsareal ved Sykehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) – som det siste i føretaket – er det no eit samla og likeverdig tilbod innan simulering, ferdigheitstrening og kompetanseutvikling ved SNR, Kløvertun i Volda og Kunnskapssenteret i 6. etasje i Ålesund.
Simuleringsareala er utvikla i regi av VirtSim og bygde etter same prinsipp, med felles metodikk og utstyr. Dette gjer det mogleg for tilsette å delta i simulering og opplæring på tvers av lokasjonar, og styrkjer både samhandling, kompetansedeling og pasienttryggleik i heile føretaket.

Avtale med Inven2
