Spesialisering i anestesiologi ved Ålesund sjukehus
Når ein startar hos oss får ein tildelt rettleiar, og utdanningsansvarlig overlege gir omvisning. Nye LIS utan anestesierfaring har seks månadar opplæring før ein startar i sjølvstendig vakt. LIS som tidlegare har vore LIS1 hos oss har fem månadar opplæring. Den første tida blir det fokusert på luftvegshandsaming og basal anestesi ved sentraloperasjonen. Det er utarbeidd eiga sjekkliste for dette som ein vil få tilsendt før oppstart. Ein går følgjevakter fram til kl 22 dei første tre månadane, deretter har ein to-tre månadar med følgevakter saman med erfaren primærvakt. Siste månaden før oppstart i sjølvstendig vakt vil ein på dagtid ha vaktcallingen. Ved oppstart vil ein få gjennomgang og bli sjekka ut på bruk av det medisinsk-teknisk utstyret som er aktuelt.
Vi har regelmessig trening i team på nyføddresuscitering, hjertestans, MET-mottak og traumemottak etter BEST-prinsippet. I tillegg øver vi kvar månad på ulike akuttprosedyrer på sentraloperasjon og intensiv. Alle skal ha regelmessig simulering i AHLR. Som LIS deltek du på perkutane tracheotomiar på intensiv. Det er også årleg gjennomgong av teknikkar ved vanskeleg luftveg. To gongar per år blir det arrangert akuttveke på barneavdelinga med simulering på både små og store barn. Her er anestesilegane delaktige. Vi deltek og årleg på akuttveke tilknytta gynekologisk avdeling. I forkant av akuttvekene er det felles undervisning. Slik får du jamleg trening innan dei ulike teama for å trene kommunikasjon, teamarbeid, samt evne til å gjere dine arbeidsoppgåver på ein god måte i pressa situasjonar.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er LIS si oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Foretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i foretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt.
For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa.
Avdeling for anestesiologi HMR har fleire legar med PhD og forskingskompetanse. I relasjon til ny spesialistetsstruktur for LIS-utdanning er det naturleg at vi stimulerer til meir forskingsarbeid ved dei ulike seksjonane.
Felles kompetansemål (FKM) er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
FKM er integrert i det daglege kliniske arbeidet. Nokre er dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i føretaket skal delta på. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs som "Forskningsforståelse og kunnskapshåndtering" og grupperettleiingar på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Nokre blir dekt i individuell rettleiing. Alle LIS skal gjere eller bidra i kvalitetsforbetringsarbeid. Dette skal gjennomførast parvis dersom det er ønskeleg, og gjerne internt i eigen seksjon.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningsplan skal føreligge seinast fire veker etter oppstart i ny stilling og blir deretter revidert årleg. Den skal i tillegg alltid oppdaterast før LIS sluttar eller har planlagd lengre fråver som t.d. utdanningspermisjon og foreldrepermisjon. Individuell utdanningsplan er eit viktig verktøy, i tillegg til registrering av læringsaktivitetar i Kompetanseportalen.
Det er eigen YLF-tillitsvald på avdelings-, sjukehus- og føretaksnivå.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.