Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Offentleg utdanningsplan

Spesialisering i hud og veneriske sjukdommar i Helse Møre og Romsdal

I Helse Møre og Romsdal er det hudpoliklinikk ved Ålesund sjukehus og SNR Kristiansund. LIS-utdanninga skjer både i Ålesund og i Kristiansund. Vi har inga eiga sengeavdeling i føretaket. Begge hudpoliklinikkane er organiserte i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering, med felles leiing. Elles i føretaket er det tre avtalespesialistar, to i Ålesund og ein i Ulsteinvik, og vi har felles samarbeidsmøte med desse legane. Vi har òg eit tett samarbeid med St. Olavs hospital i Trondheim.

Sist oppdatert 18.11.2025