Spesialisiering i ortopedisk kirurgi ved Volda sjukehus
Avdelinga tilbyr ortopedisk pasientbehandling til ei befolkning på omkring 50 000 innbyggjarar på Søre Sunnmøre.
Vår elektive verksemd består først og fremst av protesekirurgi i hofte og kne, inkludert revisjonskirurgi. I tillegg til dette tilbyr vi eit utval av artroskopisk kirurgi i skulder og kne, fotkirurgi, basal handkirurgi samt behandling av benigne tumores. Vi har ikkje elektiv verksemd innanfor barneortopedi eller ryggkirurgi.
Av akutte problemstillingar behandlar vi og opererer dei vanlegaste brotskadene i overekstremitetar og underekstremitetar. I tillegg har vi ansvar for pasientar med hovudskader eller akutte ryggsmerter i samarbeid med relevante spesialistavdelingar i føretaket. Vi har døgnkontinuerleg skadepoliklinikk med røntgen som blir drive av LIS1.
Ortopedisk avdeling har felles sengepost og morgonmøte med kirurgisk avdeling. Avdelinga har 7 overlegar og 3 LIS3. For overlegane er det 6-delt døgnvakt heile veka, med heimevakt kveld og natt. LIS3 går i felles 6-delt døgnvakt med LIS2/3 på kirurgisk avdeling, med aktiv vakt til kveld og heimevakt på natt. LIS1 for kirurgisk og ortopedisk avdeling har aktiv vakt på sjukehuset heile døgnet.
Minimum utdanningstid for å bli spesialist er 5 år etter gjennomført LIS1. Utdanninga er basert på læringsmål, og det tek normalt lenger tid enn 5 år for å oppnå kompetansen.
Du treng om lag 4 år for å oppfylle dei læringsmåla vi kan dekke i Volda. I tillegg til dette må LIS3 arbeide på eit høgspesialisert sjukehus (tidlegare gruppe 1-sjukehus eller sentralteneste) for å dekke læringsmål i fordjuping (LM 082) og læringsmål innanfor barneortopedi, ryggkirurgi og avansert traumatologisk ortopedi. Vi anbefaler minimum 18 månader klinisk teneste for å tileigne denne kompetansen.
For Helse Møre og Romsdal er det St. Olavs hospital som er samarbeidande utdanningsinstitusjon, men LIS3 kan fritt søke seg til andre føretak om ønskeleg.
Ved oppstart vil du få tildelt ein individuell utdanningsplan og rettleiar. Dei første dagane vil du følge ein meir erfaren LIS3 for å bli kjend med sjukehuset, lokale rutiner og datasystem. Du vil få ei innføring i vaktarbeid, sengepostrutiner og elektiv poliklinikk.
Når du startar i sjølvstendig vakt vil du alltid ha ein overlege som bakvakt. I starten er det naturleg at dei fleste problemstillingar blir konferert med bakvakt. Etter kvart som du blir meir sjølvstendig, gis det større fagleg autonomi. Bakvakt kan då kontaktast ved behov for rådgivning eller supervisjon. Bakvakt eller spesialist er med på alle operasjonar fram til du som LIS3 er sjølvgåande på aktuelle inngrep.
Etter kvart får du elektive inngrep på poliklinikken og på operasjonsavdelinga. I starten er det lagt opp til enkle problemstillingar og chirurgia minor for å bygge basale kirurgiske ferdigheter. På operasjonsavdelinga får ein raskt assistere på større inngrep, og med tida står ein også som hovedoperatør på større inngrep ut frå kompetansenivå.
Vi har organisert internundervisning heile året, utanom i feriar. Kvar veke er det 2 x 45 minutt som skal dekke læringsmål innanfor ortopedi eller kirurgi. I tillegg til dette har vi faste avdelingsmøte med kasuistikkgjennomgang. Som LIS3 skal du delta aktivt i avdelinga si internundervisning. Det er forventa at LIS3 har ansvaret for 1-2 eigne undervisningar kvart halvår.
Som LIS skal du delta på nasjonalt anbefalte kurs, og andre relevante kurs for spesialiteten. LIS er sjølv ansvarleg for å gjere seg kjend med kurskalender og påmelding på relevante kurs avhengig av ansiennitet. Kursavgift og kostnader til overnatting utover det som DNLF utdanningsfond III dekker, blir betalt av arbeidgivar dersom deltaking på kurset blir innvilga.
Sjukehuset deltek i BEST-nettverket. Vi har traumeøving ein gong per månad.
Utdanninga har fleire læringsarenaer, mellom anna skadepoliklinikk, elektiv poliklinikk, operasjonsavdeling og sengepost. Du vil jobbe i vaktteam, og på kvar læringsarena vil det alltid vere høve til å jobbe saman med spesialist for supervisjon.
Ved oppstart får du tildelt ein rettleiar som er spesialist i ortopedisk kirurgi. Rettleiaren skal hjelpe med refleksjon, råd og oppfølging av fagleg progresjon under spesialiseringa. Rettleiing skjer ved planlagte og regelmessige samtalar mellom LIS og rettleiar. Alle rettleiarar skal ha gjennomført rettleiarkurs.
Det er sett av 4 timar per veke i fordjupningstid. Som LIS har du eit sjølvstendig ansvar for å tileigne deg teoretisk og praktisk kunnskap gjennom utdanninga.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er LIS si oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Før rotasjon til høgspesialisert sjukehus bør LIS tilstrebe å innfri alle læringsmål som kan godkjennast på Volda sjukehus eller i Helse Møre og Romsdal.
Føretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande med aktivitet ved alle tre sjukehusa. Frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. Tilsette i seksjon for forskning og utdanning held mellom anna kurset "Forskningsforståelse og kunnskapshåndtering".
Frå 2026 til 2029 har vi ein PhD-stipendiat på ortopedisk avdeling i Volda.
Felles kompetansemål (FKM) er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
FKM er integrert i det daglege kliniske arbeidet. Nokre er dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i føretaket skal delta på. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs som "Forskningsforståelse og kunnskapshåndtering" og grupperettleiingar på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Nokre blir dekt i individuell rettleiing. Alle LIS skal gjere eller bidra i kvalitetsforbetringsarbeid. Dette skal gjennomførast parvis dersom det er ønskeleg, og gjerne internt i eigen seksjon.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningsplan skal føreligge seinast fire veker etter oppstart i ny stilling og blir deretter revidert årleg. Den skal i tillegg alltid oppdaterast før LIS sluttar eller har planlagd lengre fråver som t.d. utdanningspermisjon og foreldrepermisjon. Individuell utdanningsplan er eit viktig verktøy, i tillegg til registrering av læringsaktivitetar i Kompetanseportalen.
Vi har eit utdanningsutval som har ansvar for å planlegge og koordinere utdanningsverksemda på avdelinga og utgjerast av utdanningsansvarleg overlege (UAO) og ein LIS. Utvalet skal sørge godkjent utdanningsplan, undervisningsprogram og oppnevning av fast rettleiar til kvar LIS.
Vi er ei lita avdeling, og tradisjonen har vore at hovudtillitsvalt (HTV) ved sjukehuset fungerer som felles tillitsvalt for alle LIS. Det vil likevel alltid vere høve til å ha eigen tillitsvalt for YLF i avdelinga, dersom LIS ønsker å organisere seg med dette.
For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
Marcus Osdal, spesialist i ortopedisk kirurgi, utdanningsansvarleg overlege
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.