Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Spesialisering i vaksenpsykiatri ved Volda sjukehus

Psykiatrisk klinikk, avdeling Sunnmøre, omfattar Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre og Avdeling for distriktspsykiatriske senter (DPS) Sunnmøre. Totalt er det 10 LIS3 og 4 LIS1 fordelt på desse avdelingane. Ved alle seksjonar i Avdeling for sjukehuspsykiatri og DPS Sunnmøre vil du som LIS vere ein viktig og sentral del av den daglege drifta gjennom deltaking i vaktordning, mottak av pasientar samt oppfølging av inneliggande og polikliniske pasientar. Du får òg delta i konsultasjons- og liaisonverksemd ved å følge bakvakt/overlege på interne tilsyn ved dei somatiske avdelingane på sjukehuset.

Avdeling for sjukehuspsykiatri

Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre er lokalisert ved Ålesund sjukehus og er delt inn i fem seksjonar:

  • Akutt psykisk helse Sunnmøre  
  • Psykose Sunnmøre
  • Allmennpsykiatri Sunnmøre
  • Alderspsykiatri Sunnmøre
  • Sikkerheitspsykiatri Sunnmøre

DPS Sunnmøre

Avdeling for DPS Sunnmøre omfattar både Ålesund og Volda. 

DPS i Ålesund består av følgjande einingar:
  • Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund med allmennteam, nevroteam, traumeteam, ROP-team, tidleg avklaringsteam og gruppebehandlingsteam (GBT)
  • Døgnbehandling psykisk helse DPS Vegsund
  • Ambulante tenester akutt-ACT psykisk helse DPS Ålesund med akutt heimebehandlingsteam (AHT) og ACT-team
  • Ambulanse tenester allmenn psykisk helse DPS Ålesund med ambulerande langtidsoppfølging
DPS i Volda består av følgjande einingar:
  • Poliklinikk psykisk helse DPS Volda  med allmennteam og DBT-team
  • Døgnbehandling psykisk helse DPS Volda
  • Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda

Som LIS vil du rotere mellom desse seksjonane. Rotasjonsordninga sikrar at du får gjennomført ulike typar teneste ved dei forskjellige seksjonane. I seksjon allmennpsykiatrisk sengepost og i ambulante tenester i Volda blir det gjennomført ECT. Gjennom rotasjonen skal det leggast til rette for at spesialistutdanninga blir gjennomført innan normalt forventa tid. Talet på LIS ved dei enkelte seksjonane vil derfor kunne variere noko over tid, avhengig av den enkelte sitt utdanningsbehov.

Utdanningsløpet blir gjennomført på mange ulike måtar, men det blir tilstreba å følgje normert løp i samsvar med forløpsplanen. I kompetanseplanen går det fram kva læringsmål som kan oppnåast ved dei ulike seksjonane, og dei fleste læringsmål kan oppnåast ved fleire seksjonar. Du vil etter oppstart fylle ut ein eigen individuell utdanningsplan i samsvar med mal frå Helse Møre og Romsdal.

Læringsarenaer:

  • Akuttpsykiatri: Akutt psykisk helse Ålesund. Tenestetid: minimum 12 månader.
  • Allmennpsykiatrisk poliklinikk: Poliklinikk psykisk helse Ålesund eller Volda. Tenestetid: minimum 12 månader.
  • Rehabilitering: Seksjonane ved DPS Volda og DPS Vegsund (Ålesund). Tenestetid: minimum 9 månader.
  • Fordjupingsteneste: Seksjonar for alderspsykiatri i Ålesund, gruppebehandling i Ålesund, ambulant oppfølging i Ålesund, psykose i Ålesund, sikkerheitspsykiatri i Ålesund.

Før første arbeidsdag blir det sendt skriftleg informasjon om spesialistutdanninga og seksjonane, samt oppmøtetid og -stad. Dei første dagane på seksjonen blir brukt til introduksjon og opplæring i det arbeidet som er forventa av deg som LIS. Du får tildelt klinisk rettleiar, og rettleiinga startar innan dei første to vekene.

Så raskt som mogleg etter oppstart skal du delta på obligatorisk kurs i vurdering av sjølvmordsrisiko og relevant lovverk innan psykisk helsevern.

Du får følgevakt med introduksjon til vaktarbeid før du startar med sjølvstendige vakter.

Alle LIS på Sunnmøre samlast vekentleg i Ålesund til teoriundervisning og fagleg utveksling. Undervisninga blir hovudsakleg leia av overlege/spesialist i psykiatri, men også LIS-legar held innlegg. Undervisninga varer i to timar per veke, 39 veker i året:

  • 30 minutt: Litteraturmøte med presentasjon av vitskapleg artikkel eller relevant litteratur, case eller presentasjon av læringsutbytte ved kurs.
  • 90 minutt: Teoretisk hovudundervisning i relevante emne.

Undervisningsplanen følger læringsmåla i spesialistutdanninga og er basert på ein fireårsplan med anbefalte emne. Hovudundervisninga blir gitt som føredrag, faglege diskusjonar, kasuistikkar eller workshops. Det blir tilstreba 1 fagdag per semester.

Alle LIS blir oppmuntra til å delta på dagsseminar og kurs i helseføretaket. Det er obligatorisk deltaking på etikkseminar. LIS får fri med løn for deltaking på nasjonalt anbefalte grunnkurs, emnekurs og valfrie kurs etter behov. Det blir også gitt støtte til deltaking på eksterne kurs og kongressar etter individuell vurdering.

Ferdigheiter blir best lært gjennom klinisk praksis ved dei ulike seksjonane. Det er ikkje lagt opp til eigen simulering eller ferdigheitstrening.

Seksjonane er små og oversiktlege, og du vil jobbe tett med spesialistane. Supervisjon inngår som ein del av spesialistane sine arbeidsoppgåver og skjer gjennom felles samtalar, morgonmøte, teammøte og diskusjonar om enkeltpasientar. Supervisjonen er tettare ved døgnseksjonar og meir behovsstyrt ved poliklinikkar.

Du får oppnemnd rettleiar innan 1–2 veker etter oppstart. Det blir sett av éin time per veke til klinisk rettleiing – dette er obligatorisk.

Det er sett av fire timar per veke til fagleg fordjuping. Dersom du ønsker det, er det gode moglegheiter for rettleiing innan forsking.

Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er LIS si oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

Føretaket har ei eiga forskingsavdeling med aktivitet ved alle dei fire sjukehusa. Her får ein hjelp og rettleiing til forskingsprosjekt.

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål, blir det arrangert kurs i forbetringsarbeid og forskingsforståing. I samband med dette skal LIS gjennomføre eit lokalt forbetringsprosjekt. Tilsette frå forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling deltek i undervisninga.

LIS blir oppmuntra til å delta i kvalitetsforbetringsprosjekt og forskingsrelaterte prosjekt. Spesialistar med akademisk kompetanse eller interesse bidreg med innlegg i LIS-undervisninga for å støtte opp under læringsmåla knytt til forsking.

I Ålesund har vi éin overlege i PhD-løp, samt éin overlege med PhD. Desse tilbyr rettleiing innan forsking og utviklingsarbeid i klinikken.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Dei psykiatriske avdelingane ved Ålesund og Volda sjukehus og DPS har felles utdanningsutval som består av to overlegar, to LIS der éin er tillitsvald, og to avdelingssjefer. Det er ein overlege som leiar utdanningsutvalet.

Utdanningsutvalet møtest 2–3 gonger kvart semester. Ulike saker knytt til spesialistutdanning og LIS blir drøfta. I tillegg blir det arrangert éin gong kvart halvår ei klinisk rettleiar-samling der rettleiar kan ta opp saker som gjeld LIS; ønskte eigenskapar, rettleiing og utvikling, samt utfordringar knytt til rettleiing. Éin gong kvart halvår arrangerer leiar for utdanningsutvalet individuell evaluering av LIS, halvtårsevaluering (vurderingskollegium). Dette er individuelt for kvar enkelt LIS der både leiarar, rettleiingar og LIS er til stades. Éin gong i året er det felles evaluering for rettleiingar og LIS-legar med omsyn til læringsarena, korleis LIS-utdanninga generelt fungerer, utfordringar, forbetringsområde og andre aktuelle saker i samband med LIS-utdanning.

For spørsmål knytt til spesialistutdanninga i Ålesund og Volda, kontakt:

Overlege og leiar for utdanningsutvalet ved Ålesund og Volda sjukehus, Jan Betten, tlf 70 10 50 00

 

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.

Sist oppdatert 20.11.2025