Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

UTDANNING

Praksisstudiar i Helse Møre og Romsdal 

Helse Møre og Romsdal tilbyr praksisplassar for studentar innan helse- og sosialfaglege utdanningar som har praksisstudium som ein del av utdanninga, og på ulike nivå. 

Gjennomføring av praksis skjer ved våre sjukehus som har samarbeidsavtale med aktuelle utdanningsinstitusjonar. Det er seksjon for Forsking og utdanning som administrerer dette arbeidet internt i HMR. Samarbeidsavtalane er eit verkemiddel for godt samarbeid og skal bidra til faglege synergiar og vidare nettverksbygging. Målet med samarbeidet er å bidra til ei velfungerande utdanning og helseteneste, i tråd med behova i helsetenesta og gjeldande fag- og rammeplanar. Studentar som kjem frå utdanningar eller skular utan slik avtale kan dessverre ikkje få praksisplass hos oss. 

Det er hovudvekt av sjukepleiarstudentar i praksis, men det er òg studentar frå andre bachelorutdanningar som bioingeniør, radiografi, fysioterapi, ergoterapi, vernepleie, sosionom og audiologi. I tillegg kjem studentar som spesialiserer seg innan anestesi, intensiv, operasjon (AIO), jordmorutdanning,  medisinstudentar, psykologistudentar. I tillegg har føretaket også legar i spesialisering (LiS), samt fysioterapeuter i turnus. 

Alle våre klinikkar og sjukehus arbeider aktivt for at studentane skal få ein relevant og god praksisoppleving. 

 

Kontakt 

Har du spørsmål om praksisstudium eller praksisplassar ved Helse Møre og Romsdal, ta kontakt med din utdanningsinstitusjon. 

 

Sist oppdatert 20.01.2026