Feriestengde avdelingar

Helseføretaket har i alle år hatt eigne planar for ferieavviklinga. Dette inneber koordinert stenging og planlagt lågaktivitet ved kliniske avdelingar og seksjonar både på det einskilde sjukehus, og på tvers av sjukehusa. Også rehabiliteringsinstitusjonane og DPS er omfatta av ordninga.

For 2024 legg ein opp til stenging og lågaktivitet i samband med påska, ferieavviklinga (veke 26 – 33) og jul/nyttår. Hensikta er best mogleg samordning av ferieavviklinga, slik at ein oppnår stabil drift resten av året og reduserer behovet for ferievikarar og overtid/ekstrahjelp.

I hovudsak startar ei stenging kl 15.00 om ettermiddagen og opnar kl 08.00 om morgonen.​

I samband med ferieavviklinga blir det også redusert drift ved fleire avdelingar og seksjonar. I tillegg kan det vere lågare aktivitet i nokre avdelingar og seksjonar i samband med vinter- og haustferieveka.

 

Vi oppmodar til å ikkje ta utskrift av oversikta, men heller ha lenka lett tilgjengeleg, då sida blir fortløpande oppdatert. 

Sist oppdatert 22.03.2024