Grønt sjukehus

Helse Møre og Romsdal skal bidra til at Norge når sine klima og miljømål. Føretaket fokuserer på å redusere miljøavtrykket gjennom kontinuerleg forbetring og strategiske prioriteringar som bidrar til høg kvalitet i pasientbehandlinga og samtidig reduserer miljøavtrykket, der det er mogeleg.

Smilande tilsette i Helse Møre og Romsdal

Tilsette i Helse Møre og Romsdal bidreg til å nå våre miljømål. Illustrasjonsfoto: Kristin Støylen

Miljøpolitikk

Helse Møre og Romsdal skal redusere sitt miljøavtrykk ved å levere tenester av høg kvalitet, utan skade og unødig ressursbruk.
 
Som føretak er vi bevisst vårt klimafotavtrykk og gjennom stadige forbetringar skal vi førebygge og redusere miljøskadane som verksemda vår fører med seg.
 
For å lukkast med det må vi ha oversikt over dei utfordringar og muligheiter vi har som føretak, både for å sikre høg kvalitet i pasientbehandlinga og samtidig redusere miljøavtrykket vårt, der det er mulig.

Spesialisthelsetenesta sin rapport for samfunnsansvar 2022 

Grøn spire
 

Miljø​mål​

​​Miljøsatsinga skal vere ein integrert del av kvalitetsarbeidet og av det lovpålagde arbeidet med helse, miljø og tryggleik (HMT). Arbeidet er underlagt same system for dokumentasjon, revisjonar og avvikshandtering.

Sjukehusdrift førar med seg miljøutslepp direkte gjennom behandling av pasientar og indirekte gjennom drift av bygg, anlegg, transport, innkjøp og logistikk. Energiforbruket til HMR tilsvara ca. 2500 hushaldningar og vi har et CO2 utslipp på ca. 22 000 tonn. Vi treng straks tiltak om vi skal unngå at temperaturen på jorda stig drastisk.

Kartlegging av vesentlege miljøaspekt viser at HMR har størst utfordringar knytte til transport, avfall og unødig ressursbruk. Uønskt ressursbruk og svinn er også ei stor utfordring i føretaket. Til dømes kan ei uønskt hending som pasientskade føre med seg auka ressursbruk som forlenga liggetid, auka forbruk av utstyr, mat, legemiddel, re-innlegging og re-operasjonar. Ved å sikre rett behandling første gong, kan vi med andre ord også førebygge unødig energiforbruk og klimagassutslepp.

Handlingsplan for miljø 2022-2025 for Helse Møre og Romsdal konkretiserer utvalte satsingsområde innanfor kvart miljømål. Prioritering av tiltak vert gjort lokalt i kvar eining og vert følgt opp i leiingas gjennomgang.

​​Miljøleiing


Klima og miljø, menneskerett og arbeidstakarrett, samt antikorrupsjon, er alle område som føretaket jobbar med i samfunnsansvar-perspektivet.

I Helse Møre og Romsdal har vi knytt miljøstyringa opp mot vår kjerneverksemd, nemleg pasientbehandling, som også gir det største miljøavtrykket hos oss. For den enkelte tilsette i verksemda vår kan ytre miljø virke komplekst og fjernt i ein kvardag med fokus på pasientbehandling.

​Ved å knytte miljø tettare opp mot pasientbehandling vil det føre til betre etterleving av klinikarane som lettare kan relatere seg til miljøstyringa vår. Miljøsatsinga skal vere ein integrert del av kvalitetsarbeidet og av det lovpålagte arbeidet med helse, miljø og tryggheit. Arbeidet er underlagt same system for dokumentasjon, revisjonar og avvikshandtering.​

Sist oppdatert 04.05.2023