Medlytt – meir tid til deg som pasient
Sjukehusa i Midt-Noreg tek i bruk Medlytt, ei løysing som bruker kunstig intelligens (KI) til å lytte på samtalen med deg og hjelpe behandlaren din med å samanfatte samtalen i pasientjournalen. Målet er å frigjere tid for behandlaren, slik at meir av tida kan brukast på deg og god kommunikasjon – ikkje på tastaturet.
Kva er Medlytt?
Medlytt er eit KI-program som lyttar på samtalen mellom deg og behandlar, omset samtalen til tekst, og samanfattar samtalen til eit forslag til journalnotat. Utstyret til sjukehuset, for eksempel mobiltelefon eller PC med mikrofon, blir brukt til dette.
Etter timen kvalitetsikrar behandlar notatet og gjer tilføyingar/endringar der det trengst før det blir lagt inn i journalen din.
Kvifor blir Medlytt brukt?
Medlytt gir behandlaren meir tid til å vere til stades for deg. Mindre tid går til dokumentasjon og IT-system, og meir tid til dialog, oppfølging og omsorg. Løysinga gjer dokumentasjonen raskare og meir presis – utan at det går ut over kvalitet.
Personvern og tryggleik
Opptak og tekst som Medlytt lagar blir sletta etter bruk, og informasjon om samtalen med deg blir berre lagra i pasientjournalen din.
Du kan naturlegvis reservere deg mot bruk av Medlytt. Om du ønsker det så sei ifrå til behandlaren din.