Opna lab med knokkelrobot

Ved det nye biomekaniske robotlaboratoriet ved Sjukehuset i Ålesund skal ein industrirobot koplast til både kunstige ledd og ledd frå avdøde. Formålet er forsking på effekten av nye kirurgiske inngrep.

Publisert 22.04.2022
Sist oppdatert 23.06.2023
Peter Klungsøyr får blomster

Peter Klungsøyr, meir eller mindre pensjonert ortoped, tok imot blomster på vegne av teamet bak det nye biomekaniske robotlaboratoriet. (Foto: Helse Møre og Romsdal)

Laboratoriet blei offisielt opna onsdag 6. mars, og er det første biomekaniske robotlaboratoriet i Skandinavia. Det finst svært få liknande laboratorium elles i Europa.

Oppbygginga av laboratoriet har vore eit samarbeid mellom ortopedar ved sjukehuset og ingeniørar frå NTNU.

Ledd
Første oppdrag for roboten er å teste effekten av eit nytt kirurgisk inngrep for å stabilise skuldrer som stadig kjem ut av ledd. Industriroboten legg til rette for svært presise forskingsforsøk.

Tidlegare reiste dei norske ortopedane til Hannover i Tyskland for å gjennomføre forsøka sine ved eit robotlaboratorium der, for å teste om og dokumentere at den nye kirurgisk metoden fungerer og er trygg.

– Etter kvart fekk vi lyst til å etablere eit eige laboratorium her, fortel ortopedane Terje Vagstad og Jan Arild Klungsøyr. Begge har forsøk ved robotlaboratoriet som sentrale delar av sine doktorgradsprosjekt.

Miljøet har også kome langt på veg med å gi ingeniør Aleksander Skrede mogelegheita til å ta ein doktorgrad i ortopedisk biomekanikk, basert på det nye laboratoriet. Det vil i tilfellet bli den første doktorgraden som er ei kopling mellom NTNU Ålesund og Ortopedisk avdeling.

Tverrfagleg
Skulderrørsler er heller ikkje den einaste typen rørsler roboten kan lære seg å etterlikne. Ortopedane i Ålesund har idear og tankar om både kne- og ankelledd.

– Ei rekke norske miljø er nysgjerrige på det vi driv med her. Håpet er å bygge opp eit laboratorium som etter kvart kan brukast av leddforskarar frå heile landet, seier ortoped Andreas Dalen, som også håper å ta ein doktorgrad på laboratoriet med tida.

Ingeniør, ortoped og industrirobot

Ortoped Andreas Dalen (framme) og ingeniør Aleksander Skrede (bak) har stått for det meste av oppbygginga av Biomekanisk robotlaboratorium ved Ålesund sjukehus. (Foto: Helse Møre og Romsdal)

Det handlar ikkje berre om å bygge opp eit laboratorium, men også om å bygge opp eit genuint tverrfagleg kunnskapsmiljø. Ortopedane får innsikt i robotteknologi, medan ingeniørane må lære seg anatomi og kirurgi.

– Set helseføretaket på kartet
Berit Kvalsvik Teige, forskingssjef ved Helse Møre og Romsdal, er svært imponert over det ingeniørane og ortopedane har fått til, og seier det har vore veldig kjekt å vere tett på både dette prosjektet og andre ortopediske forskingsprosjekt i Helse Møre og Romsdal.

– Dette kan vere starten på ein infrastruktur som kan brukast av heile helseføretaket, av andre miljø i Noreg, og av utanlandske aktørar, seier ho.

Kvalsvik Teige understrekar at arbeidet er med på å sette helseføretaket på kartet innan ortopedisk forsking og fagutvikling – både nasjonalt og internasjonalt.

Ho er spesielt glad for det tette samarbeidet med NTNU og laboratoriemiljøet i Tyskland, og ser fram til at satsinga skal generere endå meir forsking og fagutvikling.

– Eg vil stå på for at Helse Møre og Romsdal skal støtte vidare opp om prosjektet, slik at miljøet i framtida kan hevde seg som eit nasjonalt og internasjonalt forskings- og kunnskapssenter, seier Kvalsvik Teige.

Prosjektet har finansiering frå NTNU og Helse Møre og Romsdal. Dei involverte forskingsprosjekta har også støtte frå Helse Midt-Norge.

Les reportasje frå den biomekaniske robotlaben på fag og forsking-sidene: Robotiserte knoklar

Nyheitsartikkel om laben i Sunnmørsposten

Leiar i Sunnmørsposten

Om laben på NRK radio

Om laben på NRK TV