Spanande forsking- og innovasjonsmelding for 2018
Forsking og innovasjon har viktige funksjonar for foretaket, og er eit område som har vore i vekst dei siste åra.
![En person som står ved siden av en tavle med bilder på](/4a7e19/contentassets/0a268f8fc9d34346a1aa013da6498290/presentasjon-av-arsmeldinga-for-styret-i-hmr.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
-Aldri har det vore produsert fleire registrerte publikasjonar i Helse Møre og Romsdal enn i 2018. Forskingsbudsjettet har ikkje vore auka siste åra og at forskingsproduksjonen allikevel aukar er svært gledeleg, seier forskingssjef i Helse Møre og Romsdal Berit K. Teige.
Forskings- og innovasjonsmeldinga for Helse Møre og Romsdal gjev eit oversyn over forskingsaktiviten i føretaket. Fleire av forskarane og «innovatørane» har starta opp grensesprengande forskings- og innovasjonsprosjekt som materialiserar seg i artiklar, føredrag og endring i pasientbehandling. Det er styret som godkjenner meldinga.
- Vi har mykje interessant å formidle innan forsking, dette er fordi vi har proaktive, engasjerte og dyktige forskarar og klinikarar i sjukehusa som brenn for det dei gjer. Det er derfor naturleg å rette ein stor takk til alle dei som er pådrivarar og bidreg til å vidareutvikle forsking og innovasjon, seier Teige.
Les meldinga på nett – last ned melding