Frå bekymring til behandling
Gjennom filmen Line og uro i skulen - kva kan vi gjere før vi tilviser kan du sjå eit eksempel på eit forløp for barn og unge, frå bekymring til behandling.
Barn og ungdom som har fått diagnosen ADHD kan no få eit nytt og styrka tilbod ved BUP i Helse Møre og Romsdal. ADHD SKILLS er eit gruppetilbod som gir deltakarane meir kunnskap om ADHD, betre forståing av eigne styrkar og utfordringar – og ikkje minst moglegheit til å møte andre i same situasjon.

Foto: Helse Møre og Romsdal
Tilbodet er utvikla i Sverige og er omsett og tilpassa norsk praksis. Gruppene blir leia av eigne behandlarar som har SKILLS‑utdanning.
ADHD SKILLS er eit gruppetilbod som kombinerer:
Ved BUP Kristiansund starta dei tilbodet med ei gruppe for barn i alderen 10–12 år, der både barna og foreldra deltok.
Målet er at deltakarane skal:
I Helse Møre og Romsdal er gruppetilbodet ADHD Skills i første omgang etablert ved BUP Volda og BUP Kristiansund, mens BUP Molde skal i gang etter påske.
Det er din behandlar i BUP som vurderer og informerer om tilbodet når barnet eller ungdommen har fått ADHD‑diagnosen.