Fem søkarar til stillinga som klinikksjef for Klinikk for kirurgi

14.oktober gjekk søknadsfristen ut for stillinga og i dag offentleggjer Helse Møre og Romsdal søkarlista.

Guri Viken
Publisert 20.10.2016

- Vi legg opp til å gjennomføre intervjuar med utvalte søkarar i løpet av to veker og vil ha ein avgjerd klar i midten av november, seier adm.dir Espen Remme i Helse Møre og Romsdal.

Søkarlista finn du her

Bakgrunn

Sidan samanslåinga av Helse Nordmøre og Romsdal og Helse Sunnmøre til eitt helseføretaket i 2011 har det vore planlagt at organisasjonsmodellen skulle bli evaluert. Hausten 2014 blei det gjennomført ei evaluering av noverande modell, der det kom tydelege signal frå tilsette og leiarar om behov for å gjere grep i dagens organisering. I februar 2016 var det intern høyring på kva organisasjonsmodell helseføretaket burde ha, og i mars blei det vedteke ein tverrgåande modell med vekt på stadleg leiing. I midten av august skal det vere ei ny intern høyring der forslag til prinsipp for organisering på nivå 3 og 4 (avdelings- og seksjonsnivå), og organisering av stadleg leiing skal leggast fram for dei tilsette.