Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Frå 25 til under 3 prosent sjukfråver

Med tillitsvalt som prosjektleiar og alle tilsette med på laget snudde medisinsk sengepost B ved Molde sjukehus eit skremmande høgt sjukefråver på kort tid.

Publisert 20.12.2016

I 2015 hadde medisinsk sengepost B eit sjukefråver på 16 % i snitt. På det høgste var det oppe i heile 25 %. Utviklinga hadde kome over fleire år, og det påverka arbeidsmiljøet, økonomien og handlingsrommet.
Ved inngangen til 2016 endra bildet seg. Seksjonen måtte starte opp eit prosjekt om arbeidsmiljø og sjukefråver.

 

Birgitte Alsvik, seksjonsleiar ved medisinsk sengepost B, Molde sjukehus. Foto.
Birgitte Alsvik, seksjonsleiar ved medisinsk sengepost B, Molde sjukehus.

 

– Eg var i utgangspunktet kritisk til timingen, og følte at prosjektet vart litt kasta på oss. Eg var ny som seksjonsleiar, og eit slikt prosjekt er tidkrevjande. Men det vart utelukkande positivt for oss, fortel seksjonsleiar Birgitte Alsvik i ein presentasjon av prosjektet for styret i Helse Møre og Romsdal i desember.   

Tilsette i førarsetet

Alsvik valde tillitsvalt som leiar for prosjektet, og slik blei dei tilsette sjølve i førarsetet for endringane. Med låg svarprosent i tidlegare arbeidsmiljøundersøking var kontrasten stor til prosjektet si eiga spørjeundersøking. Alle tilsette engasjerte seg og svarte på undersøkinga. Dei vart utfordra på å reflektere rundt sitt eige ansvar, kva forventningar dei hadde til leiaren og dei fekk moglegheit til å fortelje alt dei tenkte på.

Nye og høgare mål

Det vart sett i gang eit omfattande oppfølgingsarbeid som resulterte i ein tiltaksplan for avdelinga, og sjukefråveret raste nedover. I prosjektperioden har dei hatt tre månader der snittet har vore på under 3 prosent. 

– Vi har ikkje vore over 8 prosent sidan vi starta prosjektet, fortel seksjonsleiaren, som trass i eit godt resultat ikkje er fornøgd med å stoppe der.

– 8 prosent var målet for det første året, men det er ikkje eit bra mål på lang sikt. Dette er noko vi skal jobbe vidare med, legg ho til.

Ei positiv utvikling

Alsvik understrekar no behovet for å halde fokus på arbeidsmiljø og sjukefråver, og jobbe aktivt vidare med tiltaksplanen dei har og strekke seg etter nye mål. Elles ser ho faren for å miste gevinsten av den umiddelbare responsen. Her har dei har nedgang i både sjukefråver, arbeidsavvik og meirtid. 

– Tilsette merkar at ting skjer og at vi utviklar oss. Vi er på veg opp, det er følelesen eg sit med no, avsluttar seksjonsleiar Birgitte Alsvik.