Gode møter i Molde og Kristiansund

Informasjon og dialog om Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) var målet da leiinga i Helse Møre og Romsdal og prosjektorganisasjonen for SNR møtte tilsette, politikarar og befolkninga i Molde og i Kristiansund.

Publisert 08.09.2016
Møte med tilsette i Kristiansund
Møte med tilsette ved sjukehuset i Kristiansund

- Eg vil takke alle som kom på møta. I høyringsfasen er det viktig for oss å vere ute og møte tilsette ved sjukehusa og brukarar av tilbodet vårt. Vi tek innspela og spørsmåla som kom  med oss i det vidare arbeidet for å sikre eit så godt saksgrunnlag som mogleg, seier adm.dir. Espen Remme.

Allmøte med tilsette

Utviklingsplanen, OU-arbeidet og SNR stod på programmet under allmøta for dei tilsette ved sjukehusa. Leiinga fekk tydelege tilbakemeldingar og innspel til kva som er viktig for dei tilsette i samband med den pågåande organisasjonsutviklingsprosessen. I SNR-prosjektet var dei tilsette mest opptatt av tilbodet til pasientane og verksemdsalternativa i Kristiansund.

Kommunemøta

Under møtet med kommunane i Romsdal fekk prosjektet gode tilbakemeldingar til konseptrapporten som er utarbeidd. Samtidig etterlyste fleire av dei frammøtte meir detaljerte analysar av driftsøkonomi knytt til dei ulike alternativa. Kommunane stilte også spørsmål ved om den dagkirurgiske verksemda skal gjennomførast både i Molde og i Kristiansund. Under møtet med kommunane på Nordmøre uttrykte fleire at vidare bruk av dagens sjukehus i Kristiansund med eit dagkirurgisk tilbod er deira føretrekte løysing.  

Presentasjon frå kommunemøta  (PDF)

Høyringskonferansane

20 tilhøyrar møtte fram under konferansen i Molde på måndag. For dårleg annonsering av møtet er truleg noko av årsaka til låg deltaking. Blant dei som møtte fram blei det uttrykt optimisme og forventingar knytt til det vidare arbeidet i prosjektet. Av kritiske innspel var det fleire som stilte spørsmål om kvifor det ikkje var planlagt nuklærmedisin i det nye sjukehuset. Leiinga i HMR blei bedt om å ta ein ny runde på funksjonsfordelinga av nuklærmedisin mellom SNR og Ålesund sjukehus.

En gruppe mennesker som sitter i stoler
 

I Kristiansund møtte om lag 130 tilhøyrarar fram på høyringskonferansen, blant dei fleire tidlegare tilsette ved sjukehuset og politikarar. Leiinga i HMR og prosjektorganisasjonen fekk ein rekkje spørsmål knytt til m.a. tilbodet til pasientane, akuttberedskapen, grunnlaget for utgreiingsarbeidet og verksemdsalternativa i Kristiansund. Fleire innlegg frå salen uttrykte ei positiv innstilling til prosjektet, men ei tydeleg forventning om at ein i framtida må bruke dagens sjukehus i Kristiansund med eit dagkirurgisk tilbod.

Rett før møtet blei det klart at Kristiansund kommune ankar dommen i sjukehussaka til lagmannsretten, og det blei også stilt spørsmål til kva ei slik anke vil ha å seie for den vidare planlegginga.

– Vi har fått i oppdrag å planlegge det nye sjukehuset av Helse Midt-Noreg, som igjen har fått det frå helseministeren. Planlegginga held fram etter tidsplanen så lenge vi ikkje har noko endring i oppdraget frå vår eigar, presiserte Remme.

Presentasjon frå høyringskonferansane  (PDF)

Konseptrapporten les du her