Helle Jensen blir ny prosjektdirektør for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
Jensen tar over stafettpinnen etter prosjektdirektør Bjørn Remen og skal leie det vidare arbeidet med SNR-prosjektet i forprosjektfasen.
Publisert 26.09.2016
– Eg er både stolt og glad over å få vere med på å utvikle framtidas sjukehus til det beste for pasientane. Eg gler meg til å kombinere Sykehusbygg sin ekspertise og kompetanse med innsikta og behova til pasientar, sjukehustilsette og kommunar i Nordmøre og Romsdal. Samarbeider vi så vil vi lukkast med oppdraget, seier Jensen.
Lang prosjekterfaring
Helle Jensen er 45 år og er utdanna sivilingeniør bygg og miljøteknikk frå NTH. Ho kjem frå stillinga som avdelingsleiar i Veidekke Entreprenør med ansvar for utvikling og gjennomføring av skule- og omsorgsprosjekt i Midt-Noreg. Jensen tar over som prosjektdirektør frå 1. jan 2017, men ho tiltrer prosjektorganisasjonen allereie frå 1.10.2016.
– Vi er særs nøgd med at Sykehusbygg har tilsett Helle Jensen som ny prosjektdirektør. Jensen har solid erfaring og har leia mange store prosjekt i Veidekke, Reinertsen og Skanska, og vi ser fram til at ho skal bidra til at det nye sjukehuset i Nordmøre og Romsdal blir realisert, seier adm.dir Espen Remme.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal omfattar eit akuttsjukehus på Hjelset og eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Helse Møre og Romsdal er byggherre og Sykehusbygg ivaretek byggherrefunksjonen fram til ferdig bygg.