Inngår kontrakt med ekstern kvalitetssikrar for SNR-prosjektet
Helse Møre og Romsdal inngår avtale med Pricewaterhouse Coopers AS for ekstern kvalitetssikring, KSK, av arbeidet knytt til konseptfasen for prosjektet med Sjukehuset for Nordmøre og Romsdal. PWC vant konkurransen om oppdraget og vil følgje SNR-prosjektet sine prosessar og framdrift fram mot slutten av oktober.

– Vi skal sikre befolkninga på Nordmøre og i Romsdal eit best mogleg spesialisthelsetenestetilbod og da er kvalitetssikring av arbeidet med prosjektet særs viktig. PWC er eit solid og kompetent miljø som vil kunne gje oss nyttige innspel og rettleiing fram mot framlegging av konseptrapporten i slutten av august, seier adm.dir. Espen Remme i Helse Møre og Romsdal.
Stram tidsplan
Prosjektet har ein krevjande framdriftsplan og difor har Helse Møre og Romsdal bestemt at KSK-arbeidet skal utførast som ein følgjeevaluering der både prosess, innhald og resultatdokument skal evaluerast. Prosjektgruppa kan på den måten svare på og korrigere observerte avvik, manglar, feil retning på arbeidet eller detaljeringsgrad fortløypande.
Signeringa av kontrakten skjer kl. 09:00 1.juni, på styrerommet i samband med styremøtet i Helse Møre og Romsdal.
Bakgrunn for KSK
Ein prøveordning med ekstern kvalitetssikring, KSK, for investeringar i dei regionale helseføretaka blei innført i samband med behandlinga av St.prp. nr. 1 S (2010—2011). Denne ordninga omfatta konseptfasen og blei gjort permanent frå og med 2015. Med bakgrunn i erfaringar frå bruk av KSK i fleire prosjekt, er ordninga utvida til også å omfatte utviklingsplanar, foreløpig som ei frivillig ordning. Av faglege grunnar er det etablert eit skilje med eigne KS-ordningar for konseptrapport (KSK) og utviklingsplan (KSU).