Innovasjon og entreprenørskap mellom fjord og fjell
Tilsette i Helse Møre og Romsdal er godt representert i ny bok om innovasjon og entreprenørskap i nærlingsliv og helsetenester
Professor Marit Kvangarsnes viser fram eit eksemplar av boka ho har vore med og skrive.
Fjordkonferansen 2015 har resultert i ein vitskapleg antologi som gir ny kunnskap om innovasjon og entreprenørskap i næringsliv og helsetenester. 92 deltakararar var samla i juni 2015 til den årlege Fjordkonferansen. Dette er ein fagleg samlingsstad for FoU-institusjonane, næringslivet og offentleg verksemd.
– Boka er eit resultat av fantastisk samarbeid mellom forfattarar, helseføretak, Universitetsforlaget, kommunar og NTNU. Boka får fram kor viktig innovasjon og entreprenørskap er for ei berekraftig samfunnsutvikling, og ber bod om at konferansen og antologiane vil vere til nytte for utviklinga i næringsliv og offentleg sektor, seier professor frå FoU-seksjonen, Marit Kvangarsnes. Ho har i lag med Jon Ivar Håvold og Øyvind Helgesen hatt det redaksjonelle ansvaret for boka.
I desse dagar arrangerast Fjordkonferansen for fjerde gong og dette tyder på at den held på å bli ein etablert møteplass.
Samarbeidsprosjekt
Helse Møre og Romsdal sine tilsette er godt representert i forfattarlista. Forskingssjef Berit Kvalsvik Teige, samhandlingssjef Britt Valderhaug Tyrholm og klinikksjef Torstein Hole har alle bidratt til boka.
Tilgjengeleg for alle
Boka kom i juni 2016 frå Universitetsforlaget og er tilgjengeleg gjennom Open Access slik at alle kan laste ned artiklar frå boka gratis.
https://www.idunn.no/innovasjon-og-entreprenorskap