Konseptrapporten for SNR sendast ut på høyring
Konseptrapporten er eit godt grunnlag for planlegginga av nytt Sjukehus i Nordmøre og Romsdal. Det var tilbakemeldingane frå styret i Helse Møre og Romsdal som vedtok at rapporten blir lagt ut på høyring 1.september.
- Høyringskommentarane vil vere viktige i det vidare arbeidet med å ferdigstille konseptrapporten. Styret har ikkje teke stilling til kva alternativ som er det beste, og vi oppmodar alle aktørar som blir påverka av prosjektet om å gje innspel og synspunkt. Vi ønskjer eit så godt avgjerdsgrunnlag som mogleg, seier styreleiar Stein Kinserdal.
Styreseminar og synfaring
Styret gjennomførte tysdag ei synfaring på lokasjonane som er aktuelle for SNR-prosjektet. Synfaringa starta ved Kristiansund sjukehus og på Storhaugen som er dei to alternativa som er aktuelle for eit DMS i Kristiansund. Styret drog vidare til Hjelset kor akuttsjukehuset for befolkninga i Nordmøre og Romsdal er planlagd bygd. Dagen blei avslutta med ei utvida orientering frå prosjektorganisasjonen leia av prosjektdirektør Bjørn Remen.
Høyringskonferansar
Det blir arrangert høyringskonferansar i Molde og i Kristiansund føljande datoar:
• 5.september, kl.18.00-20.00 ved Scandic Seilet i Molde
• 6.september, kl.18.00-20.00 ved Caroline kino- og konferansesenter i Kristiansund
Informasjon om høyringa finn du på: www.helse-mr.no/snr
Høyringsfristen er sett til 14.oktober.