Nytt analyseverkty vil betre pasienttryggleiken
Sjukehuset i Ålesund er ein av dei første i Noreg med å ta i bruk eit seriekopla og heilautomatisert analysesystem som aukar kvaliteten på arbeidet ved avdeling for medisinsk biokjemi. I dag var det høgtideleg opning ved avdelinga.
– Vi ønskjer å sikre pasientane våre best mogleg behandling. Dei nye maskinane gjer at vi aukar kvaliteten på analysearbeidet noko som kjem både pasientar, helsetenestene og kommunane til gode, seier administrerande direktør Espen Remme.
Styrkinga av analysearbeidet ved sjukehuset er i tråd med føringane som nyleg ble lagt fram i regjeringas nasjonale helse- og sjukehusplan. Her legg dei stor vekt på å styre etter kvalitet gjennom å fornye, forenkle og forbetre helsetenestene.
Stor utvikling
Sjukehuset i Ålesund har 35 års erfaring med automatisering av analyseprosessar. Den første analysemaskina som blei tatt i bruk i 1980 brukte heile 15 minuttar på å analysere ei enkelt prøve. Sidan då har det skjedd ei stor utvikling innan analysehandtering av blodprøvar og dei siste femten åra har det vore sterkare fokus på den preanalystiske delen av arbeidet.
Det nye systemet er satt saman av fleire ulike analyseinstrument kor prøvane blir frakta på transportband mellom dei ulike instrumenta. Til slutt blir dei lagra i eit heilautomatisk kjøleskap. Maskinane vil jobbe heile døgnet året rundt og vil kunne handtere om lag 100.000 analysar i månaden.
– For avdelinga og dei tilsette bidreg det nye utstyret til ei kraftig forbetring av våre arbeidsprosessar. Vi går bort frå mykje manuelt arbeid og vi reduserer farane for menneskelege feil, seier Brit Valaas Viddal, avdelingssjef for medisinsk biokjemi.
Berekningar Viddal har gjort syner at sjukehuset med bruk av det nye systemet vil greie å spare om lag tre millionar kroner i året. No står avdelinga framfor omfattande opplæring slik at dei tilsette blir kjende med dei nye maskinane. Fleire sjukehus i Noreg har bestilt og ventar no på å få installert analysesystem liknande som det ved sjukehuset i Ålesund.
Publisert: 22.01.2016