Styret støttar tiltaka
– Vi støttar tiltaka som direktøren legg fram, og ber om å få ei styresak i januar på tematikken riktig tvangsbruk. Vi har også bedt direktøren om halde styret informert om framdrifta i arbeidet utover i 2017, seier styreleiar Stein Kinserdal.
VG har i ein artikkelserie sett fokus på bruk og gjennomføring av mekaniske tvangsmidlar i psykiatrien i Noreg, og i styremøtet i dag la adm.dir. Espen Remme fram ei orientering om bruken av tvang i Helse Møre og Romsdal.
– Dette er først og fremst ei pasientsak, og opplysningane tek vi på det største alvor. Vi skal finne ut kvifor tala på tida pasienten ligg i belter ser ut til å vere høgre i Møre og Romsdal enn i resten av landet, og klinikken arbeider saman med fagavdelinga i gjennomføringa av tiltaka, seier adm. dir. Espen Remme.
Helseføretaket går no gjennom eksisterande talmateriale, og har sett opp ein handlingsplan for korleis ein skal kartlegge registrering og praksis for gjennomføring av tvangsvedtak.
– Det er viktig for helseføretaket at pasientane har eit godt tilbod i HMR, og basert på resultatet av det vi går gjennom no må vi sette i verk nødvendige tiltak, seier Remme.
Handlingsplanen inneheld mellom anna:
- Risiko-/hendingsanalyse ved dei to akuttpostane. Målsettinga er å kartlegge pasientforløpet til pasientar som blir utsett for tvang, og kome med forslag til eventuelle tiltak for forbetring av forløpet.
- Internrevisjon ved aktuelle seksjonar som inkluderer stikkprøver i elektronisk pasientjournal og tvangsprotokollar frå 2014 og 2015. Hensikta er å avdekke om det er samanfallande praksis i dokumentasjon i dei ulike systema. For å sikre at alle vedtak blir registreret korrekt i vårt pasientadministrative system vil det månadleg bli gjennomført manuell teljing av alle vedtak om bruk av tvangsmidlar. Det blir også utarbeidd ein rutine som seier at ein ved utsending av epikrise skal sjekke at alle registreringar om tvang i løpet av opphaldet er gjennomført.
- Opplæring. I regionen skal det utarbeidast ei regional prosedyre for registrering av tvangsbruk i dei ulike systema. Hensikta er å få innført lik registreringspraksis i regionen. HMR skal som eit tiltak i oppfølginga av Regional plan for psykisk helsevern i Helse Midt-Norge 2016–2017, utarbeide ein eigen strategi for riktig og redusert bruk av tvang. Arbeidet med strategien blir koordinert regionalt, og fylkesmannen og kontrollkommisjonen vil bli invitert inn i arbeidet.
Vedtaket frå styremøtet
- Styret ber om sak i møte 25. januar vedkomande riktig tvangsbruk.
- Styret ber også om orientering om planer for raskt å skape endring for riktig tvangsbruk.
- Styret ber om rapportering i kvart styremøte i 2017 om framdrift i arbeidet.
- Styret ber om at det leggast fram ein egen rapport om Leiinga sin gjennomgang av Klinikk for psykisk helsevern og rus innehaldande ROS-analyse og handlingsplan.
Informasjon som blei gitt styret:
Kva tid blir det brukt tvang?
Innan psykisk helsevern er bruken av tvangsmiddel eit ekstraordinært tiltak i helsehjelpa. Det kan berre bli brukt når det er heilt nødvendig for å hindre pasienten i å skade seg sjølv eller andre, eller for å unngå betydeleg skade på bygningar og inventar, når andre middel har vist seg å vere utilstrekkelege.
Kven gjer vedtak om bruk av tvang?
Ein lege som er spesialist i psykiatri eller ein klinisk psykolog med vedtakskompetanse har det faglege ansvaret for tvangsvedtak.
Ulike typar tvang
Mekaniske tvangsmiddel blir brukt for å hindre pasienten sin moglegheit til å bevege seg fritt, inkludert belte, reimer samt skadeførebyggande spesialklede (førebyggande spesialklede blir ikkje nytta i HMR).
I tillegg til mekaniske tvangsmidlar er det heimel for å nytte følgjande tvangsmiddel:
- Kortvarig plassering bak låst eller stengt dør utan personale til stades (dette blir ikkje brukt i HMR)
- Enkeltståande bruk av korttidsverkande legemidlar i beroligande eller bedøvande hensikt
- Kortvarig fasthalding
Bruken av mekaniske tvangsmidlar blir påverka av bruken av andre tvangsmiddel. Mykje bruk av ein type tvangsmiddel kan føre til mindre bruk av anna tvangsmiddel. Ein annen viktig faktor er dei tilsette sin kompetanse, erfaring og kulturen på den enkelte seksjon. Utforming av bygget er også ein faktor, og alvorleg sjuke pasientar treng nok areal rundt seg.
I HMR gjennomførast tvang i følgjande seksjonar:
- Seksjon for akuttpsykiatri Hjelset
- Seksjon for rehabilitering Hjelset
- Alderspsykiatrisk seksjon Nordmøre og Romsdal
- Seksjon for akuttpsykiatri Ålesund (etablert 10.10.16 etter ei samanslåing av mottaksseksjonen og subakuttseksjonen).
- Seksjon for forsterka rehabilitering
- Alderspsykiatrisk seksjon Sunnmøre
Korleis blir bruk av tvang dokumentert?
Registrering av tvangsvedtak blir gjort i tre ulike system:
- Manuelle tvangsprotokoller. Her blir vedtaket ført for hand. Protokollane blir nytta av kontrollkommisjonen i kontrollen av vedtaka som blir fatta.
- Pasientadministrativt system. Blir blant anna brukt for å rapportere til sentrale myndigheiter.
- Pasienten sin elektroniske journal. I journalen blir det dokumentert kva pasienten har fått av utgreiing og behandling, inkludert dokumentasjon av tvang.
Opplæring
Helseføretaket og klinikken har jobba med undervisning og kompetanseheving av behandlarpersonalet og miljøpersonalet når det gjeld førebygging og meistring av aggresjon. Vi har hatt bistand fra St. Olavs Hospital ved Brøset og nytta eigen kompetanse på området. I haust blei det gjennomført eit seminar om temaet med over 100 deltakarar frå klinikken. Klinikken arbeider også med eit prosjekt på korleis ein skal organisere arbeidet med systematisk opplæring i meistring og handtering av utfordrande adferd og aggresjon. For nytilsette er tvangsbruk ein del av opplæringa.
Kven kontrollerer bruken av tvang?
Kontrollkommisjonen fører kontroll med alle vedtak om etablering av tvungen psykisk helsevern, og fører kontroll med behandling. Kommisjonen går inn i protokollane for å kontrollere bruk av tvangsmiddel, men dei går også inn i journalane eller får utlevert utskrift for å få utfyllande opplysningar. Deira vurdering av praksis er såleis ikkje berre ut frå protokollane, men ut frå gjennomgang av notatar i journalen. I protokollane er det ikkje plass til å skrive lengre forklaringar på kvifor tvangsmidlet blei nytta.
Kartlegging av dagens praksis
Det er viktig å få klarheit i om helseføretaket har ein avvikande praksis i registrering og gjennomføring av belteleggingar. Helseføretaket må også undersøke om det er ein registreringspraksis på at pasienten til dømes kan ha vore ute av belter utan at det er ført inn i dei handskrivne protokollane. Om vi har ein slik praksis kan det gi inntrykk av at det er ein samanhengande periode.
Hensikta er å vurdere om registreringane i våre tre ulike system er samstemte, og at praksisen samsvarer med gjeldande lovverk.
Det er i dag ei utfordring få samsvar mellom det som blir ført i dei ulike systema, og spesielt gjeld det å få vedtaka korrekt registrert i det pasientadministrative systemet. I dette systemet er det ikkje mogleg å registrere endringar som skjer undervegs i vedtaket, men berre start og avslutning av vedtaket. Systemet blir nytta til rapportering av bruk av alle typar tvang til Norsk Pasientregister (NPR). Helse Midt-Noreg har sett i gang arbeid med det pasientadministrative systemet for å gjere det meir presist og brukarvennleg for registrering av tvang. Det regionale arbeidet skal betre det pasientadministrative system slik at det tilfredsstiller krava til rapportering og behovet som kontrollkommisjonen har for dokumentasjon. Målsettinga er å avvikle dei handskrivne protokollane fordi dei kan vere ei kjelde til feilregistrering. Arbeidet skal vere ferdig den 01.06.17.