Framtidsretta pasientbehandling og god bruk av ressursar - eit felles ansvar
Dialogmøte om utviklingsplanen 7. april
Kva vil vere dei viktigaste utviklingsområda som bør prioriterast i utviklingsplanen 2018 - 2021? Det står på programmet når Helse Møre og Romsdal inviterer til dialogmøte med viktige samarbeidspartar fredag 7. april.
– Med denne dagen ønsker vi å peike på forventningane og etablere ein arbeidsprosess for dei prioriterte utviklingsområda i tett samarbeid med kommunane, slik at vi i fellesskap kan utvikle eit best mogleg helsetenestetilbod for innbyggjarane i fylket, seier adm. dir i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme.
Program for dialogmøtet 7.april
Skisse for prosessen med utviklingsplanarbeidet
Politisk og administrativ leiing i kommunane og administrativ leiing i helseføretaket, KS, Fylkeskommunen og Brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal er inviterte til møtet.
Har du ikkje meldt deg på enno?
Meld deg på her (Deltager.no)
Siste frist er onsdag 5. april kl 16.