Helse Møre og Romsdal blant landets lågaste på bruk av antibiotika
- Konkrete tiltak har gitt resultat, seier smittevernoverlege Jørn-Åge Longva i Helse Møre og Romsdal.
Torsdag ble den nasjonale kvalitetsindikatoren på bruk av breispektra antibiotika publisert av Helsedirektoratet.
Indikatoren tek føre seg seg definerte døgndoser av bredspektra antibiotika per 100 liggedøgn i norske sjukehus i 2. tertial 2017.
- Det er hyggeleg å sjå at Helse Møre og Romsdal er blant helseføretaka med lågast forbruk av breispektra antibiotika med eit snitt på 14,8 døgndosar per 100 liggedøgn, seier smittevernoverlege Jørn-Åge Longva.
Landssnittet ligg på 16,5, mens snittet i Helse Midt-Norge er på 18,4.
- Frå 2016 har vi jobba med å redusere bruken av bredspektra antibiotika via eit antibiotikastyringsprogram. Programmet blei ferdig i år og beskriv antibiotikapolitikken i føretaket, bruken av nasjonale retningslinjer og konkrete tiltak som er ei hjelp for å få ei meir rasjonell antibiotikabehandling, seier Longva og legg til:
- Det har også vore gjennomført ein pilot for smittevernsvisitt der antibiotikapolitikk er eitt av fleire tema vi går gjennom. Dette og andre tiltak blir det jobba vidare med neste år, seier Longva og peikar på at det også er ein auka bevisstheit generelt i samfunnet på bruk av antibiotika.
Les også: Må fortsatt redusere antibiotikabruken