Klinikksjef blir ny prosjektsjef for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR)
Ketil Landevåg Gaupset er tilsett som ny prosjektsjef for SNR-prosjektet. Gaupset vil saman med prosjektdirektør Helle Jensen frå Sykehusbygg, utgjere leiarduoen som får ansvaret for utviklinga og planlegginga av det nye fellessjukehuset.
- Eg tek på meg ein svært viktig og meiningsfull jobb og eg ser fram til å kunne bidra med å sikre pasientane våre eit best mogleg sjukehustilbod. Vi skal sørgje for at Sjukehuset Nordmøre og Romsdal blir eit framtidsretta og moderne sjukehus med høg kvalitet og ein attraktiv og god arbeidsplass for tilsette i føretaket, seier Gaupset.
Godt kjent med prosjektet
Gaupset har åtte år bak seg som klinikksjef i føretaket og leier i dag klinikk for psykisk helse og rus. I konseptfasen var Gaupset aktiv deltakar i hovudgruppa som medverka i planlegginga av prosjektet. Prosjektsjefstillinga har fram til no vore ivareteke av assisterande direktør Helge Ristesund og han er glad for å få Gaupset inn i prosjektet.
- Ketil er rett mann til oppgåva som prosjektsjef. Han har solid erfaring frå føretaket og han har personlege eigenskapar som er gode for å leie eit slikt prosjekt, seier Ristesund.
Det er ikkje avklart når Gaupset vil byrje i stilllinga.
- Vi ønskjer å sikre ei god veksling frå stillinga han har i dag og eg held derfor fram som prosjektsjef inntil vidare, seier Ristesund.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal omfattar eit akuttsjukehus på Hjelset og eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Fellessjukehuset er ei viktig satsing for den samla utviklinga av spesialisthelsetenestene i fylket.
Helse Møre og Romsdal er byggherre for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal og Sykehusbygg ivaretek byggherrefunksjonen fram til ferdig bygg.