Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva tema byr ein på når Arbeids- og sosialkomiteen frå Stortinget kjem på besøk?

Vi fekk bestillinga på førehand - dei ville høyre om "Raskere tilbake" og "Oppfølging av gravide tilsette" i helseføretaket.

Publisert 20.03.2017
Audun Kopperstad presenterer tilbodet "Raskare tilbake", eit tilbod som tverrfagleg ryggpoliklinikk står bak.
Audun Kopperstad presenterer tilbodet "Raskare tilbake", eit tilbod som tverrfagleg ryggpoliklinikk står bak.

Prosjektleiar Audun Kopperstad kunne stolt presentere «Raskere tilbake»- eit tilbod som ryggpoliklinikken står bak. Tilbodet skal førebygge at pasientar fell ut av arbeidslivet. Blant 131 pasientar med ryggsmerter er bruken av sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar redusert frå 65 % til 33 % etter 12 månader.

Les nærare skildring av tilbodet på helse-mr.no

Elisabeth Sæther presenterer tilbodet som HMR har for alle gravide tilsette
Elisabeth Sæther presenterer tilbodet som HMR har for alle gravide tilsette 

Elisabeth Sæther fortalde om våre gravide tilsette. Med tett oppfølging frå bedriftsjordmor og leiar står dei gravide i helseføretaket lengre i jobb samanlikna med andre stader. I Helse Møre og Romsdal står gravide i jobb heilt eller delvis til veke 33 i svangerskapet. Dette er tre veker over det som er vanleg i andre liknande prosjekt. Utan dette prosjektet har gravide vore på jobb til ca veke 20 - 24. Saman vurderer vi kva risiko den gravide blir eksponert for, og planlegg tilrettelegging og rett tiltak til rett tid. Det gir tryggleik og gode resultat!

Sjå artikkel på nrk.no om ordninga