Nye skisser av akuttsjukehuset på Hjelset
Planlegginga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal held god framdrift og er i rute. Under styremøtet 9.mai fekk styret sjå heilt nye illustrasjonar som viser utviklinga av akuttsjukehuset på Hjelset.
![En mann som holder en presentasjon](/4a7ecc/contentassets/8f0b4ab53cc7477b90e408bbc1e33688/pal-ingdal-orientere-styret-om-snr.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
- Bygget har endra noko fasong og høgde i forhold til konseptfasen. No detaljplanlegg vi romma og utstyret i akuttsjukehuset og da har vi sett fordelar ved å endre på delar av bygget, seier prosjektleiar Pål Ingdal.
Moderne og framtidsretta
Målet om best mogleg pasientbehandling og effektiv logistikk legg føringar for korleis bygget skal utformast. I tett samarbeid jobbar planleggarar frå Sykehusbygg, saman med tilsette i HMR og arkitektar for å finne gode løysingar både for pasientar og tilsette. Ingdal skryt av engasjementet til dei tilsette.
- Eg opplever eit stort engasjement og vi har gode og konstruktive diskusjonar der tilsette bidreg med viktig erfaring og kompetanse. Pasientane vil få ein god stad å vere i SNR, seier Ingdal.
![Diagram](/4a7ecc/contentassets/8f0b4ab53cc7477b90e408bbc1e33688/skjermbilde3.jpg?width=1629&height=1086&quality=80&format=webp)
![En stor bygning med et fjell i bakgrunnen](/4a7ecd/contentassets/8f0b4ab53cc7477b90e408bbc1e33688/skjermbilde1.jpg?width=1625&height=1083&quality=80&format=webp)
![Diagram](/4a7ece/contentassets/8f0b4ab53cc7477b90e408bbc1e33688/skjermbilde2.jpg?width=1629&height=1086&quality=80&format=webp)
DMS i Kristiansund
Arbeidet med å detaljplanlegge det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund starta opp 28.april da arbeidsgruppa var samla ved Kristiansund sjukehus. Gruppa gjekk gjennom arealplaner frå konseptfasen og diskuterte moglege løysingar for bruk av bygget. Fleire uttrykte eit behov om å sjå på korleis spesialisthelsetenestene kan organiserast saman med andre helsetenester.
- Det er noko usikkerheit knytt til kven som skal eige sjukehusbygget i framtida og kva tenester som skal vere der. Der gir oss nokre utfordringar i planlegginga, men vi vil uansett levere eit forprosjekt for det distriktsmedisinske senteret i 2017. Vi ønskjer å samarbeide med interesserte om utvikle eit godt og framtidsretta tilbod for befolkninga, avsluttar Ingdal.