Sjølvhjelpshandbok til deg som har tinnitus

Molde sjukehus har laga ei sjølvhjelpshandbok som skal gi deg eit endå betre utbyte av behandling for tinnitus og/eller nedsett lydtoleranse. Handboka er tilpassa behandlinga ved Molde sjukehus, men kan også vere nyttig for deg som er til behandling ved andre sjukehus.

Publisert 24.01.2017
Sist oppdatert 31.07.2023

Prosjektgruppa for sjølvhjelpshandboka. Audiograf Siri Merete Bergseth og ØNH-lege Dag Sunde.
Prosjektgruppa for sjølvhjelpshandboka. Audiograf og prosjektleiar Siri Merete Bergseth og ØNH-lege og prosjektansvarleg Dag Sunde.

 

– Med denne handboka vil vi gjere det lettare for deg å trene i heimesituasjonar, bidra til større meistring og auka effekt av rehabiliteringa, fortel audiograf og prosjektleiar Siri Merete Bergseth.

– I handboka finn du den same fagkunnskapen vi gir i gruppeundervising og på individuelle konsultasjonar, i tillegg til oppgåver som vi anbefaler. Etter kvart kapittel er det ei plastlomme der du kan samle eigne notat og oppgåver. Dette  gjer at du kan bruke boka på ein systematisk og individuell måte i eiga behandling, legg Bergseth til.

Sjølvhjelpshandboka blir delt ut på kurs og konsultasjonar ved Molde sjukehus.

Du kan også laste den ned her:

Sjølvhjelpshandbok: Tinnitus og nedsett lydtoleranse (pdf)
 

Sjølvhjelpshandbok: Tinnitus og nedsett lydtoleranse (pdf)

Brukarvennleg verktøy i kvardagen

ØNH-lege og prosjektansvarleg, Dag Sunde, fortel at handboka skal gjere det lettare for pasientane å jobbe vidare med det som blir sagt i undervising og konsultasjonar.

– Den skal vere eit brukarvennleg verktøy i kvardagen, romme kunnskap når ein treng repetisjon og konkrete, individuelle oppgåver som er nødvendig for å oppnå meistring og dermed auka livskvalitet, seier Sunde.  

Sjølvhjelpshandbok: Tinnitus og nedsett lydtoleranse

  • Prosjektet er støtta av Ekstrastiftelsen via Hørselshemmede Landsforbund HLF.
  • Prosjektgruppe: ØNH-lege Dag Sunde og audiograf Siri Merete Bergseth
  • Referansegruppe: psykologspesialist Steinar Sunde (som også er medforfattar på kapitlet om kognitiv atferdsterapi) og dåverande leiar av tinnitusutvalet i HLF, Thorbjørn Andersen.