Solberg lovar pengar til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
Statsminister Erna Solberg bekreftar at det kjem pengar til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på neste års statsbudsjett.
Tysdag besøkte Solberg sjukehustomta på Hjelset og kom med nyheita om at lånesøknaden for SNR vil bli innvilga.
- Dette er ein veldig hyggeleg dag. Vi skal halde fram med å bygge gode helsetenester for pasientane og då treng vi nye sjukehusbygg. Det vil kome pengar i statsbudsjettet slik at oppstarten kan følgje planane som er lagt, sa Solberg.
Den totale låneramma fram til 2022 er på 3,5 miliardar kroner og utgjer 70 prosent av kostnadsramma for prosjektet.
Vil styrke tilbodet
Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug kom i følgje med Solberg til Hjelset.
- SNR kjem til å styrke tilbodet til innbyggjarane i Møre og Romsdal og gi befolkninga eit langt betre tilbod enn det dei har i dag, seier Listhaug som er Frp sin førstekandidat i Møre og Romsdal.
Tryggleik for planleggingsarbeidet
Administerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, tok imot den gode bodskapen med glede.
- Dette er noko vi har jobba lenge for, og bodskapen gjer at vi smiler frå øyre til øyre. Det gir oss og pasientane våre tryggleik for planlegginga vidare og vi er heilt på "track" i høve til tidsplanen, sa Remme.
- Målet vårt er at planane skal gå som planlagt, og vi treng ikkje fleire utsettingar eller rot. No må og vil vi gjennomføre prosjektet, sa Solberg.