Startar fellesprosjekt for utvikling av DMS-tilbodet i Kristiansund
Kristiansund kommune, ORKidé, Helse Møre og Romsdal og Helseinnovasjonssenteret i Kristiansund blei i dag einige om å rigge eit felles prosjekt som skal utvikle helsetenestetilbod i det nye distriktsmedisinske senteret i Kristiansund
- Dette er ein viktig dag for oss. Eg er glad for at partane har blitt einige om eit samarbeid der dei dyktige fagmiljøa våre kan komme saman og utvikle eit framtidig pasienttilbod. Det nye senteret skal innehalde spesialisthelsetenester, kommunale- og interkommunale tilbod, eit helseinnovasjonssenter og eit responssenter. Vi ser stor moglegheiter for kva vi kan utvikle saman og gler oss til å komme i gang, seier ordførar i Kristiansund kommune, Kjell Neergaard.
Styret i Helse Midt-Norge fatta byggevedtak
Godt spesialisthelsetenestetilbod
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal vil bestå av eit felles akuttsjukehus på Hjelset og eit distriksmedisinsk senter i Kristiansund. 7.desember kom byggevedtaket som sikrar at bygginga skal starte opp i 2018. I konseptfasen for blei det vedteke kva tilbod Helse Møre og Romsdal skal ha i Kristiansund. I forprosjektfasen har fleire etterlyst ein vidare utvikling og konkretisering av dei andre tilboda som skal vere i DMSet og adm.dir. i HMR, Espen Remme, er glad for at fellesprosjektet no kjem på plass.
- Endeleg fekk vi leiarar i nordmørskommunane, ORKidé og Helseføretaket saman for å diskutere korleis vi skal sørgje for at tilbodet i Kristiansund skal utvikle seg på ein god og framtidsretta måte. Dette er viktig både for pasientane og for å gje dei tilsette ein føreseielegheit med tanke på deira framtidige arbeidssituasjon.
Les Konseptrapporten her
Les Forprosjektrapportenher
Møte i styringsgruppa
12. januar vil leiinga i ORKidé, HMR, samt politisk og administrativ leiing i Kristiansund kommune samlas til eit første styringsgruppemøte for å diskutere organisering, mandat og kompetansebehov for det vidare arbeidet. Da vil ein også vurdere om det er behov for å supplere styringsgruppa med fleire deltakarar for å sikre forankring og medverking.