Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stor beredskapsøving ved Volda sjukehus 9. november

Torsdag 9. november blir det gjennomført ei fullskala beredskapsøving ved Volda sjukehus. Målsettinga er å øve på massetilstrøyming av pasientar.

Publisert 07.11.2017
Bilde frå tidlegare øving. Bil i brann.
Illustrasjonsbilde frå tidlegare øving.

Øvinga pågår i perioden mellom kl 10 og 13 der ca 20 einingar ved sjukehuset deltek med alt frå akuttmottak, intensiv og sengepostar til drift og eigedom. 

Scenarioet er ei stor ulykke som fører til massetilstøyming av skadde til Volda sjukehus.

– Vi arrangerer fullskalaøving ved eitt av sjukehusa i helseføretaket kvart år. No er det Volda sjukehus sin tur. Dette gjer vi for å oppdatere planverket vårt og trene samhandlinga slik at vi er godt forberedt om ei større ulykke skulle inntreffe, seier beredskapsleiar i Helse Møre og Romsdal, Hans Olav Ose.

Realistisk øving

Elevar frå Ørsta videregåande skule deltek også i øvinga, der dei skal spele skadde og pårørande. For å gjennomføre øvinga så realistisk som mogleg blir markørane, som speler dei skadde, sminka av Røde Kors. Også mediestudentar frå Høgskulen i Volda blir med denne øvingsdagen, dei for å sette eit realistisk medietrykk som ein kan forvente ved større ulykker og hendingar.