Stor tru på å tenke nytt i utviklinga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Vi må våge å tenke nytt rundt dimensjonering og utvikling av tilbodet til pasientane våre, det var bodskapen både frå SNR-prosjektet og fleire styremedlemmar under møtet 16.juni.

Guri Viken
Publisert 16.06.2017
Diagram
Illustrasjon av akuttsjukehuset på Hjelset

​- Vi står framfor eit paradigmeskifte. I framtida vil vi sikre at innbyggarane får eit tilbod og ei behandling som er enda betre tilpassa deira behov. Meir målretta behandling oppnår vi mellom anna ved å tenke nytt rundt behandlingsformer og organisering av tenester, sa adm.dir. Espen Remme.

Dimensjonering engasjerar

SNR legg til grunn ein ambisiøs driftsform som krev store endringar både i dimensjonering og utforming av bygg, utvikling av tilbod, kompetansebehov og nye  arbeidstidsordningar. Fleire styremedlemmar uttrykte at dei er svært positive til nytenkinga som skjer i prosjektet. 

En mann som står foran en gruppe mennesker som sitter ved bord


- Åtte timar effektiv drift vil gje eit betre tilbod til pasientane ved at vi kan tilby lengre opningstider og ei betre utnytting av romma.  Det betyr at vi kan ta imot fleire pasientar til behandling kvar dag enn det vi greier i dag, sa prosjektsjef Helge Ristesund.

Raskare og meir effektive pasientforløp

For å greie omstillinga til nytt sjukehus er Helse Møre og Romsdal mellom anna avhengig av å utvikle meir effektive pasientforløp og sikre ei organisasjonsutvikling som gjer at tilsette er klar for det nye driftskonseptet. Ristesund orienterte om at det i haust vil starte opp tre delprosjekt:
• Plan for 8 timar effektiv drift i SNR. Pilotprosjekt i to poliklinikkar.
• Fleksible arbeidstidsordningar.
• Kompetanse og bemanning i mottak/kortidspost.

- I SNR vil fleire av pasientane kome til korttidsposten ved akuttsjukehuset, der hensikta er å starte behandlinga raskast mogleg. Ei viktig oppgåve i eit av delprosjekta er å leggje ein plan for korleis vi skal sikre riktig bemanning og kompetanse i første ledd ut mot pasientane våre, seier Ristesund.

Samarbeid med kommunar og andre aktørar

For å lukkast med planlegginga og organiseringa av tilbodet i SNR og i Helse Møre og Romsdal er føretaket avhengig av eit godt samarbeid med kommunane som skal nytte tilbodet. Fleire styremedlemmar påpeikte viktigheita av arbeidet med utviklingsplanen og oppmoda også føretaket til å invitere seg inn på kommunale arenaer for å sikre ei heilskapleg utvikling i framtida.

- Dialogmøta er viktige samhandlingsarenaer der vi kjem i tett dialog med kommunane og andre helseaktørar. Vi opplever eit stor engasjement, seier Remme som viser til over 100 påmeldte deltakarar til dialogmøtet om utviklingsplanen 20.juni.

Les meir om utviklingsplanen