Ustabile telefonlinjer i Molde og Kristiansund
Etter eit strømbrot på Molde sjukehus, har det vore nokre problem med ustabile telefonlinjer.
Publisert 26.07.2017
![En stor hvit bygning](/4a7e66/contentassets/1d8684c8273049928658c0962d35b390/molde_total1_web.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Telefonnettet på sjukehusa og institusjonane i Nordmøre og Romsdal har vore noko ustabilt etter eit strømbrot på Molde sjukehus i går.
Det er satt i gong eit arbeid med å finne feilen og rette opp i problema.
Dersom du ikkje kjem gjennom på direktenummeret, så ring sentralbordet på telefon 71 12 00 00.
Nødnummeret 113 fungerer som normalt.