Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utviklingsplanen er klar for styret

Den 25. oktober skal utkast til Utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal 2019 – 2022 leggast fram for styret. Deretter skal planen ut på seks vekers offentleg høyring.

Publisert 19.10.2017
Sist oppdatert 30.11.2017
Bildekolasj helse

Sjukehusa i Møre og Romsdal må samarbeide meir for å gi  befolkninga betre spesialisthelsetenester i framtida. Pasientane har også mykje å hente på eit tettare samarbeid i helsetenestene og betre oppgåvedeling mellom sjukehusa og kommunane.  Det kjem fram i Helse Møre og Romsdal sin utviklingsplan fram mot 2022.

– Vi står framfor store endringar som vil påverke korleis vi utvikler tenestene våre. Tal eldre vil auke og stadig fleire av oss lever lengre. Dei kroniske sjukdommane vil dominere i større grad og vil krevje at vi som behandlar pasientar samarbeider meir, seier fagdirektør Jo-Åsmund Lund i Helse Møre og Romsdal.

Auke i bruk av helsetenester

Fagdirektøren ser at helsetenestene står framfor ei utfordring ikkje berre innanfor sjukdomsutvikling, men også med tanke på rekruttering.

– Auken i poliklinisk aktivitet fram mot 2035 er venta å bli stor. For å møte det aukande behovet for helsetenester, har vi behov for 25 prosent fleire årsverk fram mot 2030 dersom vi held fram som i dag. Kommunane vil ha tilsvarande eller større behov. Dette er ikkje berekraftig, seier Lund.

Utfordringane gjeld ikkje berre Møre og Romsdal, men heile landet.

– Vi må tenke annleis både når det gjeld ressursbruk og riktig bruk av kompetanse og teknologi – men ikkje minst organisering, seier Lund.

Plan med  tre hovudområde

Utviklingsplanen er eit omfattande dokument delt inn i tre perspektiv:

  • Føretaksperspektivet
    • Gjeld område som omfattar heile helseføretaket, der ein ser særskilt på det barnemedisinske tilbodet (pediatri), kirurgi, utvikling av bygg, operasjonsrobot, PET (avansert bildeundersøking for å identifisere og lokalisere sjukdomsprosessar), PCI (behandlingsmetode for å opne trange eller tette kransarteriar) og bruk av avtalespesialistar.
  • Klinikkperspektivet 
    • Dei seks kliniske klinikkane har lagt fram eigne satsingsområde for planperioden.
  • Samhandlingsperspektivet 
    • Prioriterte innsatsområde i samhandlingsperspektivet er psykisk helsevern og rusbehandling, barn og unge, Barneblikk, akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus, nok helsepersonell med rett kompetanse/FIUK (Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling) og framtidsretta pasientforløp for den eldre multisjuke pasient.

For å få eit raskt overblikk kan ein lese oppsummeringa, kapitlet om analyse og vegval og kapittel 6 som viser tiltak.

Bygningsmessig utviklingsplan

Planlegging av bygningar, utstyr og infrastruktur skal støtte utviklinga som blir skissert i den overordna utviklingsplanen. Bygningsmessig utviklingsplan blir ferdigstilt i samband med at den overordna planen blir styrebehandla i Helse Møre og Romsdal i februar 2018.

Høyring av planen

Etter styremøtet i Helse Møre og Romsdal den 25.oktober skal utviklingsplanen ut på offentleg høyring i seks veker, med høyringsfrist 7. desember. Det blir oppretta eit eige område på nettsida til helseføretaket der ein finn aktuelle dokument og kan legge inn høyringssvar.

Når høyringa er over vil eit samandrag av høyringskommentarane bli inkludert i utviklingsplanen, medan alle høyringskommentarane vil bli samla i eit vedlegg til endeleg plan. Endeleg versjon av utviklingsplanen skal leggast fram for styret i Helse Møre og Romsdal den 14. februar 2018, før den blir sendt til Helse Midt-Norge innan fristen den 1. mars.

Styresaka med aktuelle vedlegg kan du lese her