Bjarte Jensen blir sjukehuskoordinator i Ålesund

Jensen startar i den nye stillinga 1. juli.

Publisert 24.05.2018
Bjarte Jensen
Bjarte Jensen

Torsdag ble det kjend at Bjarte Jensen blir sjukehuskoordinator på Ålesund sjukehus.

Jensen har dei siste elleve åra vore hovudverneombod i Helse Møre og Romsdal, og går over i den nye stillinga allerede frå 1. juli.

- Det blir spennande å ta fatt på ein ny funksjon som sjukehuskoordinator etter å ha vore føretaksverneombod i fleire år. Sjølv om eg kjenner godt til Ålesund sjukehus, ser eg fram til å bli enda betre kjend med leiarane og fagfolka her. Eg håper at vi ved å samordne behov og løysingar som er på tvers av seksjonar, avdelingar og klinikkar, kan gjere ein positiv forskjell. Målet er å legge til rette for god leiing og god fagutøving, seier Jensen.

Jensen er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning innan både intensivsjukepleie og "leiing i helse- og sosialsektoren". Han har tidlegare jobba på kirurgisk intensiv ved Ålesund sjukehus.

Sjukehuskoordinator for Molde og Volda er allereie på plass, og helseføretaket arbeidar med tilsetting ved Kristiansund sjukehus.

Kvifor sjukehuskoordinator?

Hausten 2016 anbefalte leiargruppa at det blei satt i gong eit pilotprosjekt ved eitt av sjukehusa for å prøve ut korleis ei stadleg driftsleiing/koordinering kunne organiserast.

Tilsette frå alle sjukehusa var med i arbeid med utviklinga av pilotprosjektet på stadleg leiing, og våren 2017 blei det gjennomført ved Volda sjukehus der mellom anna sjukehuskoordinator-rolla blei testa ut.

Etter denne perioden blei pilotprosjektet evaluert og både styringsgruppa for OU-prosjektet og leiargruppa i HMR gjekk inn for å vidareføre ordninga ved dei andre sjukehusa. Rolla som sjukehuskoordinator skal også på plass så snart som råd for sjukehuset i Kristiansund.

Erfaringer frå pilotprosjektet i Volda

Løysinga som blei testa ut i Volda innehaldt fem ulike tiltak:

1. Opprette ei koordinerande løysing ved kvart enkelt sjukehus, som organiserer felles møte der leiarar frå dei ulike klinikkane diskuterer og behandlar felles interesser og prosessar som går på tvers av organisasjonsmodellen.

2. Gjennomføre enkle, lokale koordineringsmøte etter behov

3. Tydeliggjere ansvarsområde knytt til drift og eigedom

4. Stadlege leiarmøte saman med leiargruppa

5. Stadleg leiarsamlingar ved sjukehuset