Har operasjonsmetoden noko å seie når pasienten skal opererast for "slitasje" i ryggen?
Erland Hermansen disputerte 15. juni 2018 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga “Clinical and radiological results after three different posterior decompression techniques for lumbar spinal stenosis”.
Det som ofte vert kalla "slitasje" i ryggen er ein vanleg tilstand. Det er ein degenerativ sjukdom - lumbal spinal stenose - som fører til ei gradvis innsnevring av ryggmargskanalen. Denne innsnevringa fører til at blodårer og nervar kjem i klem.
Smerter som stråler ut i beina
Hovudsymptomet på for trong ryggmargskanal er smerter som stråler ut i beina, spesielt når ein går. I dag er kirurgi for trong ryggmargskanal det vanlegaste inngrepet som vert utført i den nedre delen av ryggen hos vaksne. Det kirurgiske inngrepet går ut på å gjere det tronga partiet i kanalen rommelegare ("dekompresjon"). Det er fleire kirugiske metodar som vert brukt i Norge i dag, og som varierar blant anna i kor omfattande dekompresjonen er. I løpet av dei siste åra er det blitt meir vanleg å bruke mikrokirurgiske metodar som skal vere meir skånsomme med tanke på størrelsen på det kirurgiske inngrepet, men spørsmålet er om dekompresjonen blir god nok. Avhandlinga til Hermanen tek sikte på å bidra til å belyse dette vitskapleg.
Kva operasjonsteknikk er best?
Data frå det nasjonale kvalitetsregisteret for ryggkirugi blei brukt til å samanlikne tre ulike dekompresjonsmetodar, nemlig «unilateral laminotomi med crossover», «bilateral laminotomi» og «processus spinousus osteotomi». Kor fornøgde pasientane var og smerteforbetring var uavhengig av kva metode som vart brukt, basert på resultat etter eit år.
Kliniske resultat vart og undersøkt hos pasientar med utypiske symptom på trong ryggmargskanal. Det kom fram at pasientar som hadde tydelege smerter som strålte ut i beina, opplevde større betring etter operasjonen enn dei som hadde lite eller ingen slike smerter i utgangspunktet.
Hermansen har vore sterk delaktig i planlegginga av NORDSTEN-prosjektet (NORwegian Degenerative spinal STENosis project), som han no er dagleg leair for. Dette prosjektet skal gje sikrare svar på kva operasjonsteknikkar som er best med omsyn til pasientane si bedring i smerte og funksjon, over tid. Denne avhandlinga er eit ledd i dette.
Pressemelding fra UiB om disputasen.
Om disputasen her
Oppgitt emne: “Naturlig aldring og degenerative forandringer i lumbalcolumna – etiologi, symptomer og kirurgisk behandling"
Disputas: Fredag 15. juni 2018 kl. 12.00
Tittel på avhandlinga: “Clinical and radiological results after three different posterior decompression techniques for lumbar spinal stenosis”.