Inngår storkontrakt med lokal entreprenør

Romsdal Anlegg AS leverte det beste tilbodet og får infrastrukturoppdraget i samband med utbygginga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Prosjektdirektør Helle Jensen gleder seg over at ein lokal entreprenør vant.

Guri Viken
Publisert 19.01.2018
Sist oppdatert 22.01.2018

​- At ein solid lokal entreprenør nådde fram i konkurransen er både forventa og veldig positivt. For oss er det openbart at lokale leverandørar og lokal arbeidskraft vil bidra i gjennomføringa av SNR. Vi er heilt avhengig av det. Enten som direkte kontraktspart eller som underleverandør, seier Jensen.

- Vi er særs glade for tildelinga av jobben som er ein av dei større oppdraga Romsdal Anlegg har vunne. Vi ser fram til å starte og vere ein del av arbeidet med å etablere eit nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal, seier dagleg leiar i Romsdal Anlegg AS, Jan Arild Løvik.

En mann og en kvinne som ser på papirer på et bord

Om oppdraget

Oppdraget har ein storleik på 31 millionar kroner og inneheld mellom anna arbeid knytt til vannforsyning, avløpsanlegg, forsyning av strøm og data. I tillegg skal det etablerast ein heilt ny Oppdølsveg fram til akuttsjukehuset med gang- og sykkelvegar. Arbeidet vil starte opp i mars i år og vil halde fram til byggestart for akuttsjukehuset i november 2018.

- Vi ønskjer å ha ein tett dialog med alle som er og blir berørt av arbeidet slik at vi kan finne gode løysingar for alle partar. Vi hadde eit informasjonsmøte før jul og vil invitere til eit nytt møte i mars slik at alle som ønskjer informasjon og vil stille spørsmål skal bli ivareteken, seier Jensen.

Om konkurransen

Det var to aktørar med i konkurransen om oppdraget og Romsdal Anlegg AS leverte det mest fordelaktige tilbodet.