Pasientreiser har fått nytt telefonnummer
Pasientreiser går frå 5-sifra til 8-sifra telefonnummer. Det betyr at det i dag har blitt billigare å ringe til Pasientreiser. Nummeret er nesten likt som før, berre sett 915 foran. Det nye nummeret er 915 05 515.
Publisert 01.06.2018
![Dame med mobiltelefon](/4a7dfb/contentassets/68a0408aff1146908fe75d54143c12b3/pasientreiser-dame-med-mobiltelefon.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
– Mange har gitt uttrykk for at dei synest det har vore dyrt å ringe til Pasientreiser. Og sjølv om Pasientreiser ikkje har hatt inntekter av å ha eit 5-sifra nummer, er vi no glade for å få på plass ei meir brukarvennleg løysing for dei som ringer oss, seier seksjonsleiar for Pasientreiser i Helse Møre og Romsdal, Jacob Devold.
Telefonnummeret er ein nasjonal teneste og ved å ringe nummeret vil du kome til det pasientreise-kontoret som er nærast der du ringer frå.