Populært kurs for dei med innoperert hjartestartar
- Pasientane har etterlyst meir informasjon, så no var det på tide å gjere noko, seier initiativtaker og spesialsjukepleiar Gro Elisabeth Årsheim ved medisinsk poliklinikk i Molde.
F.v: spesialsjukepleiar Randi Aske, overlege Arne Lied og spesialsjukepleiar Gro Elisabeth Årsheim ved medisinsk poliklinikk i Molde,
Onsdag 18. april arrangerer medisinsk poliklinikk i Molde opplæringskurs retta mot pasienter som har fått operert inn ein hjartestartar.
Kurset er eit av dei første på lang tid som blir arrangert i Helse Møre og Romsdal, og interessen har vore over all forventing, ifølge initiativtakar Gro Elisbeth Årsheim.
Nyttast i aukande grad
Implanterbar hjartestartar er ein liten defibrillator som har som funksjon å oppdage og stanse farlege og unormale hjarterytmeforstyrringar. Hjartestartaren overvaker hjerteslaga heile tida, og avgir elektriske sjokk for å sørge for normal hjarterytme om nødvendig.
Innoperert hjartestartar nyttast i aukende grad for å betre prognose og overleving for pasientar med hjartesvikt og farlege rytmeforstyrringar.
Fulltegna med venteliste
- Vi har registrert at både pasientar og pårørande har behov for meir kunnskap etter ein slik operasjon, derfor har vi satt opp eit kurs som skal hjelpe disse med å øke trygghet og meistre den nye livssituasjonen, seier kursleiar og sjukepleiar Gro Elisabeth Årsheim ved medisinsk poliklinikk i Molde.
Saman med kardiolog Arne Lied og spesialsjukepleiar Randi Aske har Årsheim spikra opplegget for kursdagen, kor også brukerrepresentant vil vere representert.
- Per i dag er kurset fulltegna med venteliste, men blir det fleire førespurnadar, så set vi opp eit kurs på hausten også. Planen framover er å arrangere eit kurs årleg for denne pasientgruppa, seier Årsheim.
Pasientar frå heile Møre og Romsdal har moglegheit til å melde sin interesse for kurset.