Pustestyrt strålebehandling for brystkreft kan redusere bivirkninger
Christer Jensen disputerte i Ålesund torsdag 29.11.2018
Brystkreft er den vanlegaste kreftforma i Norge og dei fleste pasientane mottek strålebehandling som tilleggsbehandling etter at tumor er operert bort. Den største utfordringa i samband med venstresidig strålebehandling av brystkreft er å levere ei høg homogen dose til brystet samtidig som ein unngår å bestråle normalvev som hjerte og lunge. Moderne stråleterapi er individuelt tilpassa pasienten, og den teknologiske utviklinga har bidratt til ein positiv trend i antalet pasientar som overlever brystkreft. Som følge av dette har fokuset på seinskader auka, og særleg har reduksjon av hjartedoser ved hjelp av pustestyrt strålebehandling kome i fokus dei siste åra.
Eigenutvikla system
Christer Jensen si avhandling ”Deep-inspiration breath-hold - Development and utilization of a deep-inspiration breath-hold system for breast cancer radiotherapy” inneheld fire delarbeid som dekker utviklinga og den kliniske bruken av eit eigenutvikla system for pustestyrt strålebehandling av brystkreft. Systemet er basert på ein avstandslaser som kontinuerleg målar bevegelsane til pasienten sitt brystbein, der pasienten kan få pustekurva visualisert i videobriller. Pasienten vil såleis kunne instruerast til å trekke pusten til eit gitt nivå, noko som truleg medfører at hjartet beveger seg bort frå brystet som skal bestråles. På denne enkle måten kan ein sørge for full bestråling av venstre bryst samtidig som ein ikkje bestråler hjartet i utstrakt grad.
Enkelt, intuitivt og kosteffektivt
I arbeidet fann ein at det eigenutvikla systemet hadde ei høg grad av reproduserbarheit, var enkelt, intuitivt og kost-effektivt å benytte for å utføre pustestyrt strålebehandling. I arbeidet vart doser til brystkreftpasienter i fripust samanlikna mot dyp innpust med systemet. Signifikante reduserte doser til hjartet og venstre nedadgående koronararterie i djup innpust blei funne samanlikna med i fripust. Systemet viste god reproduserbarhet og stabilitet ved posisjonskontrollar undervegs i behandlinga. Systemet blei også brukt til å overvake høgresidige brystkreftpasientar i fripust for å sjå kor mykje pasientane bevega seg under strålebehandling. Det vart funne at meir enn 90% av posisjoneringsendringa skjedde i dei 3 første minutta av kvar behandling, og at 4% av frammøta viste 5 mm eller større posisjoneringsendring 5 minutt etter at pasientane var innstilt i behandlingsposisjon. Behandling ved djup innpust med ein ny rotasjonsbasert behandlingsteknikk av brystkreft i forhold til dosimetrisk robustheit når ein tok omsyn til innstillingsavvik undervegs i behandlingsserien vart og studert. Den rotasjonsbaserte teknikken ga betre dosedekning av brystet enn dagens standardteknikk, noko som også viste seg å bli opprettholdt når ein tok omsyn til alle innstillingsavvik undervegs. Rotasjonsteknikken medførte samtidig i denne studien at større volum blei bestrålt med lave doser som potensielt kan bidra til induksjon av sekundærkreft på lang sikt.
Innpustteknikk på pasientar med venstresidig brystkreft kan redusere doser
Resultata frå studia viste at det eigenutvikla laserbaserte systemet var praktisk og reproduserbart i bruk og viste at djup innpustteknikk på venstresidige brystkreftpasienter kan redusere doser til normalvev samtidig som dosen til målvolumet opprettholdes. Rotasjonsteknikken avgrenser høgdosene til normalvev nært brystet, men sprer dei lave dosene til eit større område. Samtidig gir rotasjonsteknikken betra dosedekning og homogenitet. Systemet har også potensiale til å overvåke leiet til fripustpasientar.
Navn kandidat: Christer André Jensen
PRØVEFORELESNING
Tid: Torsdag 29. november 2018 kl. 10.15
Sted: Auditoriet, Ålesund Sjukehus
Tittel:
”Protonstråling ved kurativ behandling av brystkreftopererte -
utfordringer og muligheter”
DISPUTAS
Tid: Torsdag 29. november 2018 kl. 12.15
Sted: Auditoriet, Ålesund Sjukehus
1. opponent: Professor Ludvig Muren, Aarhus Universitet
2. opponent: Førsteamanuensis, overlege Hans Petter Eikesdal,
Universitetet i Bergen
Administrator: Professor Marit Kvangarsnes, NTNU
Kandidatens veiledere har vært medisinsk fysiker Jomar Frengen,
St. Olavs Hospital og forsker Jo-Åsmund Lund, NTNU.
Førsteamanuensis Ralf Kirchhoff vil leie disputasen.
Institutt: Institutt for klinisk og molekylær medisin, NTNU
Veileder(e): Jomar Frengen og Jo-Åsmund Lund
Finansieringskilde: Samarbeidsorganet Helse Midt-Norge og NTNU