Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Solberg oppmoda om å sjå framover

Statsminister Erna Solberg kom med bodskap om å sjå framover og samarbeide om å utvikle Sjukehuset Nordmøre og Romsdal til det beste for pasientane.

Guri Viken
Publisert 07.03.2018
En mann og en kvinne som smiler
Statsminister Erna Solberg blir teke imot av adm.dir i HMN, Stig Slørdahl, ny styreleiar i HMR, Ingve Theodorsen og adm.dir. i HMR, Espen Remme

- Det har vore ein krevjande og følelsesmessig vanskeleg tid knytt til sjukehussaka, men no er det på tide å sjå framover og stå saman om å utvikle pasienttilbodet til befolkninga i Nordmøre og Romsdal, sa Solberg da hos besøkte Kristiansund sjukehus 6.mars.

Presentasjonen frå møtet

Vil utvikle eit godt DMS

Under møtet fekk Solberg ei kort orientering om status for arbeidet med Sjukehuset Nordmøre og Romsdal og ein meir detaljert gjennomgang av planane for det distriktsmedisinske senteret som skal utviklast i Kristiansund. Helse Møre og Romsdal, Kristiansund kommune og ORKidé har gått saman om eit nyoppretta DMS-prosjekt og ambisjonane er høge.

En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Rådmann i Kristiansund kommune, Arne Ingebrigtsen, ordførar på Smøla og leiar i ORKidé, Roger Osen, statsminister Erna Solberg, ordførar i Kristiansund kommune Kjell Neergaard, rådmann i Gjemnes kommune, Birgitt Eliassen
- Vi vil utvikle eit unikt senter i Kristiansund der vi samlar kommunale og interkommunale helsetenester, responsssenter, velferdsteknologi og spesialisthelsetenester under same tak. Vi ønskjer å utvikle eit senter som gir jobb til mange og som kan bidra til framtidstru, engasjement og virke samlande for befolkninga i regionen, sa ordførar Kjell Neergaard.

Neergard var ærleg på at det har vore ei vanskeleg tid for Nordmøre, men at det er på tida å leggje sjukehussaka bak seg og samarbeide til det beste for pasientane.

Spanande samarbeidsprosjekt

Solberg og hennar følgje fekk også presentert eit nytt prosjekt om heimebasert antibiotikabehandling. Initiativtakar til prosjektet, smittevernrådgivar Ann-Iren Kjønnøy, fortalte korleis dei har som mål å finne ein måte å gje pasientar som har behov for langvarig antibiotikabehandling ein betre kvardag.

Presentasjon av antiobiotikaprosjektet

En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Prosjektleiar Inger Stokke, smittevernrådgivar Ann-Iren Kjønnøy, statssekretær i HOD, Anne Grethe Erlandsen, avd.sjef i medisin, Carina Wollan Myhre, styreleiar i Helse Midt-Norge, Tina Steinsvik Sund, adm.dir. i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme

-  I dag er mange pasientar innlagt på sjukehus i vekevis for å få behandling. I framtida ønskjer vi å utvikle eit tilbod der vi legg til rette for at meir behandling kan skje heime, noko som vil betre livskvaliteten for mange pasientar. Dei kan vere med i kvardagen med familien og gå på jobb, samtidig som dei får antibiotikabehandling, sa Kjønnøy. 

Statsministeren likte det ho fekk presentert.

- Prosjektet dykkar er eit godt eksempel på eit god og innovativ tilbod som vil gjere kvardagen lettare særleg for kronikarar. I dag får mange behandling hos spesialist, men i framtida kan dei truleg med god tilrettelegging og oppfølging klare mykje meir sjølve, noko som vil gjere kvardagen lettare for pasientane, sa Solberg.  

- Prosjektet viser korleis ulike forvaltningsnivå kan finne fellesprosjekt og samarbeide om å utvikle betre tenester til pasientane. Dykk kan gå framfor å vise andre kva som er mogeleg. Vi treng fleire slike prosjekt, sa statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Anne Grethe Erlandsen.