Stor satsing på utdanning av spesialsjukepleiarar
Har du lyst til å bli spesialsjukepleiar og samtidig få løn i studietida, har du moglegheiten no.
Helse Møre og Romsdal treng fleire spesialsjukepleiarar innan anestesi-, intensiv- og operasjonssjukepleie (AIO).
No blir det utlyst utdanningsstillingar med 80 % løn i studietida. Løn under studiet medfører bindingstid på to år i full stilling i føretaket, og tilbod om 100 prosent fast stilling som spesialsjukepleiar i HMR etter bindingstida.
Klinikk for akuttbehandling ønsker dialog med aktuelle søkjarar og vil invitere til samtale i forkant av tildeling av studieplass. Du søkjer derfor på utdanningsstilling før søknadsfristen ved NTNU.
Klikk her for å søke på utdanningsstilling - søknadsfrist 2. april 2018.
Les meir om utdanningsløpa:
- Vidareutdanning i anestesisjukepleie
- Vidareutdanning i operasjonssjukepleie
- Vidareutdanning i intensivsjukepleie
Tilbodet om utdanningsstilling er primært retta mot tilsette i HMR, men søkjarar utanfor føretaket er også velkomne til å søkje.
Du må ha minst to års relevant praksis for å søkje opptak til utdanningsstilling og vidareutdanning. Eignaheit og motivasjon for studiet vil også bli vektlagt ved tildeling av utdanningsstilling i HMR.
Vil du vite meir om kva det vil seie å være spesialsjukepleiar i HMR kan du delta på rekrutteringsdagar ved dei fire sjukehusa i føretaket.
Bli med på rekrutteringsdagane
Mandag 5. mars kl 11 - 16 i Ålesund
Onsdag 7. mars kl 11 - 15 i Kristiansund
- Stad: 2. etasje ved intensiv på Kristiansund sjukehus
- Kontaktperson: Ola Dagfinn Bokasp - tlf 71 12 15 04
Fredag 9. mars kl 11 - 16 i Volda
- Stad: Møterom 2
- Kontaktperson: Gro Birkeland - tlf 70 05 83 30
Tirsdag 20. mars i Molde
- Stad: Kirurgisk møterom i 4. etasje
- Kontaktperson: Gry Rønning - tlf 71 12 14 85
Seksjonsleiarar, praksisrettleiarar, fagutviklingsjukepleiarar og nyutdanna spesialsjukepleiarar, samt representantar frå HR og NTNU vil vere til stades og tilgjengelege for spørsmål under rekrutteringsdagane.