Styreleiar på besøk 24 timar etter oppnemninga
Ny styreleiar i Helse Møre og Romsdal, Ingve Theodorsen, kom til sjukehusa i Molde og Kristiansund kort tid etter at han formelt blei oppnemd måndag 5. mars.
I samband med statsminister Erna Solberg sitt besøk i Kristiansund tysdag 6. mars, opna det ein moglegheit for at ein relativt ny styreleiar i Helse Midt-Norge, Tina Steinsvik Sund (januar -18) og ein nyoppnemd styreleiar i HMR kunne få møte tilsette og leiarar ved dei to sjukehusa same dag. Med seg hadde dei også adm.dir. i Helse Midt-Norge, Stig Slørdahl og Espen Remme, adm.dir. i HMR.
Frå akuttmottak til poliklinikk
Besøket starta i akuttmottaket ved Molde sjukehus der seksjonsleiar Petter Rangnes var vertskap saman med sjukhuskoordinator Anita Kvendseth. Rangnes fortalde om akuttforløpet og triagering (system for å prioritere pasientar) i mottaket. Styreleiarane fekk også orientering om korleis miljøa i Molde og Kristiansund arbeider i grupper for å førebu ein best mogleg pasientflyt i akuttmottaket i det nye sjukhuset på Hjelset.
I intensivavdelinga fortalde seksjonsleiar Gry Rønning korleis ein med å samle dei dårlegaste pasientane har fått ei betre løysing for pasientar og tilsette. Ho var også innom det pågåande arbeidet med å rekruttere sårt tiltrengte anestesi-, intensiv- og operasjonssjukepleiarar. Seksjonsleiar for anestesilegane i Molde, Georg Johnsen, har sjølv nettopp kome tilbake etter å ha fullført spesialistutdanninga ved St.Olav Hospital og delte nokre av sine erfaringar med å vere i utdanning i mindre og større sjukehus. Styreleiarane fekk også høyre at helseføretaket tar imot eit stort tal turnuslegar (Legar i spesialisering 1).
På seksjon for augesjukdomar blei dei tatt imot av seksjonsleiar Gry Unjem, avdelingssjef Ingrid Vasdal og seksjonsoverlege Erik Holen. Tematikk var rekruttering, jobbgliding, medisinsk teknisk utstyr og arbeidet fram mot SNR.
På veg til Kristiansund blei det ein stopp på tomta på Hjelset for å vise korleis det nye sjukehuset er plassert i området.
Ortopedi, kreftpoliklinikk og pusterom
Saman med overlege Kirsti Sevaldsen, orienterte overlege Øystein Lian om aktivitet og status for fagområdet i Kristiansund sjukehus. Dei var også innom nokre av områda som ein forskar på i fagmiljøet i dag, og arbeidet for å utforme tilbodet i DMS Kristiansund.
På kreftpoliklinikken tok kreftsjukepleiar Laila Andersen dei med på ei omvisning i lokala, og fortalde om utviklinga i cellegiftbehandlinga og det gode samarbeidet poliklinikken har med sengeposten og med kommunane for å utvikle tenestetilbodet og legge til rette for god behandling.
Siste post denne dagen var Pusterommet, eit treningstilbod for kreftpasientar, og som var opna i februar i fjor. Fysioterapeut Andreas Andrev var midt i ei fellestrening for pasientane, men tok eit avbrekk for å gi ei kort omvisning og fortelle om tilbod og treningsmoglegheiter.
I begge sjukehusa var det sett av tid til eit uformelt møte med tillitsvalte og leiarar som hadde tid og moglegheit til å møte dei nye styreleiarane og stille spørsmål og diskutere saker dei er opptekne av.
Nyttig dag
- Det er viktig å komme ut, møte menneska og bli kjent, sa styreleiar i HMR Ingve Theodorsen.
Han opplevde besøka i Molde og Kristiansund som veldig nyttige, og ser fram til å besøke sjukehusa i Ålesund og Volda. Den nye styreleiaren har også ønskje om å legge fleire av styremøta ut til institusjonane slik at styret får vere i miljøa der tenestene blir levert.
- Det var interessant å høyre om forbetringarbeidet i helseføretaket, og korleis ein samarbeider for å førebu seg fram mot SNR, sa styreleiar i Helse Midt-Norge Tina Steinsvik Sund.
I løpet av april vil dei to nye styreleiarane besøke sjukehusa i Ålesund og Volda.