Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Styret vedtok utviklingsplanen i dag

Etter ein grundig presentasjon av innhaldet i utviklingsplanen, og ein tilhøyrande diskusjon blant styremedlemmane blei utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal vedtatt.

Publisert 21.02.2018
En gruppe mennesker som poserer for et bilde

​- Dette er eit stort og grundig arbeid, og mang har vore med på å utforme planen gjennom innspel og involvering. Folk har fått kome til orde og påverka. Ingenting er viktigare når ein skal inn i ei så ambisiøs retning at ein deler utfordringane med andre - ikkje minst med kommunane. Desse utfordringane er vi saman om, og vi er gjensidig avhengige av kvarandre, sa styreleiar Stein Kinserdal.

Sjå presentasjonen her.
Les også Utviklingsplanen er klar for styrebehandling.

Helseføretaket har arbeidd med planen sidan dei fekk oppgåva i juni 2016, og kan sende den inn til Helse Midt-Norge innan fristen den 1. mars.


Framover gjeld det å gjere strategiar og tiltak om i konkrete handlingar.
- Vi må jobbe saman med tilsette, kommunane og andre samarbeidspartnarar  og ikkje minst brukarane for å løyse utfordringane, sa adm.dir. Espen Remme.

ROS-analyse

Styret fekk ein grundig gjennomgang av alle delar av planen, mellom anna ROS-analysen. Høyringsinnspela danna grunnlaget for kva risikoområde som blei løfta inn i analysen.


- I ei risikovurdering skal ein leite etter risiko, det er det som er poenget. Analysen viser då korleis det kan gå dersom vi ikkje gjer noko  med dei områda. Evna vår til å svare ut dette er å jobbe aktivt med strategiane og tiltaka som vi har satt opp i planen, sa Remme til styret. 


Les styresaka.