Telefontrøbbel i Molde og Kristiansund
OPPDATERT: Linjene inn til sentralbordet i Molde og Kristiansund verkar igjen.
Publisert 21.02.2018
Sist oppdatert 22.02.2018
OPPDATERT 2032: Telefonlinjene inn til sentralbordet i Molde og Kristiansund verkar igjen.
* * *
Like før halv seks i ettermiddag braut telefonsystemet på sentralbordet i Molde og Kristiansund saman.
Konsekvensen er at ein ikkje får svar på sentralbordet, og vi oppfordar pårørande eller andre som treng å nå nokon på sjukehusa i Molde og Kristiansund om å nytte følgjande nummer:
Akuttmottak Molde: 71 12 13 30
Akuttmottak Kristiansund: 71 12 13 70
Legevaktssentralen: 116117
Har du behov for augeblikkeleg hjelp, ring 113.
Det arbeidast no utover kvelden med å finne ei løysing på problemet.