Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tre leverandørar skal konkurrere om å få byggje akuttsjukehuset

Av fem søkarar som ønskte å bli prekvalifisert til oppdraget med å byggje det nye akuttsjukehuset på Hjelset, kom tre leverandørar gjennom nålauge.

Guri Viken
Publisert 01.02.2018

​- Vi har invitert tre norske aktørar til å komme med sine tilbod. Hent AS, Skanska Norge AS og Betonmasthæhre AS er alle sterke og kompetente leverandørar med erfaring frå teknisk kompliserte prosjekt, seier prosjektdirektør Helle Jensen. 


Avviste to 

To utanlandske leverandørar, ein tyrkisk og ein italiensk,  blei avvist da dei ikkje tilfredsstilte  kvalifikasjonskrava som er stilt for oppdraget. Jensen er likevel godt fornøyd med responsen frå nasjonale og internasjonale aktørar.
- Talet på interesserte søkarar viser at entreprisestrategien som er valt for oppdraget samsvarar godt med tilgangen på kompetanse og kapasitet i marknaden, seier Jensen.

Konkurranse med forhandling

Leverandørane har frist til 20.april med å sende inn sine tilbod. Deretter gjennomfører SNR-prosjektet forhandlingar fram til ein leverandør blir valt. Det beste tilbodet blir vurdert ut frå tildelingskriteria pris, oppgåveforståing og kompetanse hjå leverandørane.
 

Om Sjukehuset Nordmøre om Romsdal

Akuttsjukehuset på Hjelset vil saman med det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund utgjere det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). SNR vil bli eit moderne og framtidsretta sjukehus som skal sikre innbyggarane betre kvalitet på tenestene, auka pasienttryggleik, auka opningstider og kortare ventetid 

Les meir om prosjektet her