Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utvidar opningstid på kveld, flyttar telefoni på natt

Sentralbordet ved Ålesund sjukehus vil vere open lenger, men på natta vil telefonane bli besvart frå St. Olavs hospital.

Publisert 31.05.2018
HMR

Dei siste åra har telefontrafikken til sentralbordet ved Ålesund sjukehus på natta minka, og tal oppgåver har blitt færre. No blir dei resterande oppgåvene flytta frå natt til dag- og kveldsvakta, og frå 1. juni blir telefonsamtalar mellom kl. 23 og 07 besvart frå St.Olavs Hospital.

Omlegginga frigjer ressursar og gjer det mogleg for servicetorget ved Ålesund sjukehus å utvide opningstidene med ein time til kl. 23, og halde hovudinngangen open ein time lenger - fram til kl. 22. Samstundes gir tiltaket ei effektivisering som tilsvarer om lag 1,5 årsverk.

- Prosessen starta i haust og var ein del av forbetringsarbeidet i klinikken. Målingar viste relativt låg aktivitet på telefonen i sentralbordet på natta, og oppgåvene har minka over tid. Då var det naturleg å sjå korleis vi kunne bruke ressursane våre meir effektivt, og samstundes unngå unødig nattarbeid for dei tilsette, seier klinikksjef Mona Aagaard-Nilsen i Klinikk for drift og eigedom, og presiserer at ingen mistar jobben sin i omlegginga.

Gode innspel undervegs

Undervegs har klinikkar, tillitsvalde og verneombod gitt mange viktige innspel. Desse har har gått på alt frå praktiske oppgåver som til dømes handtering av utlån av PULS-kort på natt, til bekymring for om det kan svekke beredskapen og auke belastninga på akuttmottaket.

- Innspela var viktige for å sjå kva vi må ta omsyn til ved ei slik endring. I samarbeid med dei tilsette og aktuelle klinikkar meiner vi no å ha funne fram til gode løysingar, seier Aagaard-Nilsen.

Startar 1. juni

Frå 1. juni blir det utvida opningstid på kveldstid for servicetorget i Ålesund, og mellom kl. 23 og 07 vil sentralbordet ved St.Olavs hospital svare innringarane. Samtalar frå Møre og Romsdal blir lagt i ein eigen kø, slik at sentralbordet kan svare med «Helse Møre og Romsdal» som i dag.

- Vi har hatt opplæring av sentralbordet i St.Olav, og dei vil ha same tilgangen til  elektroniske system og vaktlister ein har hatt i Ålesund, seier klinikksjefen for drift og eigedom.

Felles løysing i framtida

Om natta er sentralbordet felles for sjukehusa i Ålesund og Volda, og det har også vore stilt spørsmål om kvifor ein ikkje gjer det same for Nordmøre og Romsdal som også har eit sentralbord om natta.

- Vi har eit klart mål om å få til eitt felles telefonnummer for helseføretaket, men i dag er dette ikkje mogleg reint teknisk. Klinikk for drift og eigedom arbeider for å få dette til, og vi kan då i teorien samla telefonien ved ein lokalisasjon i føretaket med «backup» ein annan stad, seier Aagaard-Nilsen.