50 år med sjukehus på Åse

3. juni 1971 vart Fylkesjukehuset, i dag Ålesund sjukehus, offisielt åpna av dåverande kronprins Harald. 18.-21. oktober markerer vi jubileet med ei rekkje interessante foredrag og utstillingar.

Publisert 14.10.2021
Sist oppdatert 22.10.2021

En gruppe mennesker som ser på en person i en kiste


Ålesund sjukehus tok imot dei første pasientane i januar 1971, og har sidan då tatt vare på pasientar og pårørande. 18. – 21. oktober feirer vi 50 års jubileet til sjukehuset med fleire foredrag i auditoriet og jubileumsutstilling ved hovudvestibylen og ved inngang nord.

En mann og kvinne som kysser

Det blir også avduking av ein bildehistorisk vegg inne på sjukehuset som fortel historia til sjukehuset; frå ei sjukestove på loftet til fattighuset i Ålesund, via gamlesjukehuset i Klipra til bygginga av sjukehuset på Åse og dei ulike utvidingane som har skjedd sidan.

Foredraga er åpne for publikum og blir holdt i auditoriet. Det er eit begrensa antall plassar, så vi ber om at ein nyttar lenkene under til påmelding, men det er også høve til å komme utan å registrere seg. Vi kan då ikkje garantere plass. Vi ber også om at besøkande nyttar inngangen ved hovudvestibylen – inngang sør.

Det er også mogleg å følge foredraga via Teams/Internett. Lenke til direktesendinga finn du også under kvart arrangement.

Jubileumsprogram

Mandag 18. oktober - Kl. 18.00
- Åpning v/adm dir Øyvind Bakke
- Bygginga av Ålesund sjukehus. Torolv Dalheim/Mona Aagaard-Nilsen
- Skjulte kunstskattar på sjukehuset. Ørnulf Opdahl/Egil Korsnes

Påmelding

Sjå opptak av direktesending

 
Tirsdag 19. oktober - kl. 18.00
- Barneavdelinga si utvikling, og framskritt innan oppfølging av premature barn. Ove Økland/Ann-Iren Vartdal
- Kva skjer med helsetenesta i åra framover? Torstein Hole

Påmelding

Sjå opptak av direktesending

 
Onsdag 20. oktober - Kl. 18.00
- Utviklinga og tilbodet innan psykisk helsevern dei siste 50 åra. Åse Roland/Marianne Klokk
- Utviklinga av sjukepleiartenesta ved sjukehuset. Samtale med Astrid Ahrens, Kirsti Sørdal og Ann-Helen Tryggestad Arthur

Påmelding

Sjå opptak av direktesending​
 
Torsdag 21. oktober - Kl. 18.00
- Legelivet som historiekjelde og utviklingsobservatør. Odd Roe Skogen
- Nye-sjukehuset tas i bruk. Innvikling. Utvikling. Refleksjonar. Jan Emil Standal

Påmelding

Sjå opptak av direktesending​

Grafisk brukergrensesnitt